Korleis arbeidde Aasen?

Då Ivar Aasen skulle laga eit norsk skriftmål, var det meir enn ein måte han kunne gjera det på. Lat oss fyrst sjå kva som skilde Noreg frå andre land som alt hadde sine skriftmål.

Då prentekunsten kom, og då Bibelen skulle omsetjast frå latin til nasjonalmåla etter reformasjonen, skaut skriftfestinga av dei ulike europeiske måla fart. Det fanst ikkje noka rettskriving, og det meste som var skrive, var skrive på latin. Den som skulle skriva, måtte difor ta utgangspunkt i sitt eige talemål. Det var stort sett berre overklassen som kunne skriva, og difor vart den dialekten dei tala lagd til grunn i dei nye skriftmåla.

Etter kvart fekk altso tyskarane Bibelen på tysk, om enn på ein einskild dialekt, i Sverige kom Bibelen på svensk, og i Noreg kom han på dansk. Fyrst fleire hundre år seinare, etter at me braut med danskestyret, vart det norske målet skriftfest, men her i landet måtte me finna ei anna løysing. Medan den svenske overklassen tala svensk, tala den norske overklassen dansk. Om me ville ha eit norsk skriftmål, kunne me altso ikkje gjera som svenskane, tyskarane eller danskane. Me kunne ikkje byggja det norske skriftmålet på det mest prestisjefylte talemålet i landet: Det var ikkje norsk!

Den mest nærliggjande tanken måtte nok vera å ta utgangspunkt i ein dialekt og skriftfesta den, men det måtte altso vera ein annan dialekt enn det mest prestisjetunge målet som var dansk. Her låg problemet med denne tanken. Det fanst ikkje noko norsk målføre med høg nok prestisje til at folk friviljug ville samla seg om det.

Ivar Aasen forkasta soleis denne ideen, og la i staden fram tanken om å laga eit skriftmål ut frå alle målføra. Eit viktig prinsipp for Aasen var at «skriftformen skal kun være een», som han sjølv skreiv. Av kvart ord ville han velja den mest 'fullkomne' forma etter det som seinare har vorte kalla mønsterformprinsippet. Eit døme kan illustrera dette, lat oss ta substantivet 'hest' i bunden form fleirtal. Dette ordet finst i desse formene i norske målføre (merk at a sume stader vert uttala æ):

hestane (Vestlandet og Austlandet)
hestan (Trøndelag og Nord-Noreg)
hestadn (Indre Sogn og nokre fjellbygder)
hesta (Oslo)

På gamalnorsk heitte det 'hestarnir'. Her ser me at alle målføra har mist den siste r-en i gamalnorsk. Aasen kutta han difor ut. Alle målføra har halde på a-en i endinga, det er berre talemålet som ættar frå dansk som har e her, som på bokmål 'hestene'. N-en har halde seg alle stader utanom Oslo, medan i-en i gamalnorsk har vorte e i mange målføre, medan han har falle bort i mange andre. Den fyrste r-en i 'hestarnir' har ikkje halde seg, men han har gått over til d i nokre målføre, og dessutan finn me han att i ubunde fleirtal over store delar av austlandet i 'hestar'. Ut frå dette fann Aasen ut at mønsterforma burde vera 'hestarne'. Alle målførevariantar er soleis former av denne, der r, n og e kan ha falle bort eller gått over til andre lydar (r til d). I ei seinare rettskrivingsendring vart r-en stroken slik at ordet no skal skrivast 'hestane'.

Teksten er henta frå ein artikkel av Erik Haugan i bladet Motmæle.

Her er eit kart som syner kvar Aasen var då han samla inn dei norske målføra.