Kvifor skriva nynorsk?

Har du lurt på kvifor det vert rekna som finare å spise enn å eta? Kvifor fyllikar og skurkar i teiknefilmane har fleire a-endingar i språket sitt enn heltane? Kvifor folk knotar? Vil du godta at bokmål er "finare" enn dialekt?

Det vil ikkje Norsk Målungdom. Der bokmål har opphavet sitt i dansk, er nynorsk ein samnemnar for alle dei norske dialektane.

Nynorsk nedvurderer ikkje dialektane, av di nynorsk byggjer på dialektane. Nynorsk nedvurderer ikkje norsk språk, av di nynorsk er norsk språk. Difor meiner Norsk Målungdom at nynorsken høver like godt over heile landet.

I ei verd med meir kontakt mellom ulike land og kulturar bør me i Noreg vera stolte av vårt tilskot til kulturmangfaldet. Språket er ein viktig del av den kulturelle identiteten, det knyter oss til heimstaden og er eit kjennemerke på landet me kjem frå. Nynorsken og dialektane er eit viktig tilskot til det globale mangfaldet.

Nynorsk og bokmål konkurrerer om dei same brukarane. Framgang for det eine svekkjer det andre. Når du skriv, vel du side i denne målstriden. Du kan velja – vel nynorsk!

Les meir i artiklane Kvifor arbeida for nynorsk? og Kvifor nynorsk?