Er det framleis grunn til å strida for nynorsk (og difor mot bokmål)? Ja, Målungdomen meiner det, dei sentrale spørsmåla er framleis like aktuelle som for 150 år sidan. Nynorsken vart reist som eit alternativ til dansken for å slå attende vanvørdinga av norsk mål og kultur. Det har det ikkje vorte mindre av dei siste åra. Lat meg ta eit døme.
Fredrikstadmålet vert rekna som eit av dei aller styggaste målføra her i landet, serleg er det kjent for dei breie æ-ane i «bilær og båtær som bråkær og tutær». Med nynorsken kan me syna at dette ikkje er uttalefeil av bokmålet, det er ikkje «biler og båter som bråker og tuter», det er «bilar og båtar som bråkar og tutar». «Guttær og jenter» er det same som nynorsk «gutar og jenter», og med eitt har me fått ei forklåring på eitt av dei mest vulgære talemålstrekka. Det er ikkje feil bokmål, det er rett norsk! Jamvel om nynorsken ikkje beint fram fell saman med fredrikstadmålet, og jamvel om ein på sett og vis kan skriva meir dialektnært til fredrikstadmål med radikalt bokmål enn med nynorsk, kan ikkje bokmålet atterreisa vørdnaden for dei sernorske draga i målet, nett dei draga som gjerne vert sedd på som dei mest vulgære.
Det vert ikkje lettare å skriva av å velja nynorsk. Orda kjem ikkje lettare på papiret. Det vert ikkje lettare å få folk til å skjøna kva du meiner. Det vert ikkje revolusjon av å skriva nynorsk, arbeidarklassen vert ikkje frigjord. Nynorsk er ikkje noko tryllespråk. Men om du er lei av at sentral- og bokmålskulturen skal definera kva som er fint og stygt mål, god og dårleg kultur, kan du vera med på å løfta norsk mål og kultur opp i høgsetet der det høyrer heime, til eit nasjonalmål for heile folket. Same korleis du talar.
Teksten er henta frå ein artikkel av Erik Haugan i bladet Motmæle.