Lovene

Vedtekne på landsmøtet i Norsk Målungdom 12. mars 1989. Brigda på landsmøtet i Norsk Målungdom 15.-17. mars 1991, 13.-15. mars 1992, 12. -14. mars 1993, 31. mars-2. april 1995, 15.-17. mars 1996, 18.-20.mars 1999, 17.-19. mars 2000, 15.-17. mars 2002 og 19.-21. mars 2004.

§1 Norsk Målungdom er den landsomfemnande ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og skal samordna og gå føre i striden for norsk mål mellom ungdom.

§2 Det målpolitiske grunnlaget - tufta - vert slege fast gjennom serskilt vedtak på landsmøtet.

Medlemskap

§3 Ungdom som godtek tufta og desse lovene, kan slutta seg til Norsk Målungdom. Einskildpersonar kan melda seg inn beinveges dersom det ikkje finst ungdomsmållag på staden.

§4 Medlemer har ikkje røysterett i meir enn eitt lokallag i Norsk Målungdom.

§5 Det skal svarast medlemspengar for kvar medlem.

Medlemspengane er sette saman av ein sentralsats og ein lokalsats. Landsmøtet fastset sentralsatsen og ein tilrådd lokalsats kvart år, medan årsmøtet i lokallaget fastset lokalsatsen. Lag som ikkje fastset eigen lokalsats, vert rekna for å ha den tilrådde satsen. Lokallaga skal få refundert lokalsatsen kvart år.

Medlemspengesatsen for fyrsteårsmedlemer vert fastsett serskild av landsmøtet. Nye medlemer som blir innmelde mellom juli og desember kan svara medlemspengar for to år, etter ein toårssats fastsett av landsmøtet. Landsmøtet fastset kor stor del av fyrsteårssatsen og toårssatsen som skal gå til lokallaga.

§6 Medlemer og sympatisørar av rasistiske og/eller nazistiske samskipnader kan ikkje verta medlemer av Norsk Målungdom.

Lokallaga

§7 Lokallaga er grunneininga og den viktigaste lekken i samskipnaden NMU. Lovene deira kan ikkje strida mot desse lovene. Vert eit lokallag oppløyst, går eiga til NMU. Vert det skipa eit nytt NMU-lag på staden innan 5 år, skal eiga frå førre lag med renter gå attende til laget. Nye lag i NMU skal godkjennast av landsstyret.

§8 Lokallaga har til oppgåve å vera med på å forma ut politikken og prioriteringane til samskipnaden, og etterpå setja arbeidsprogrammet og andre vedtekne planar ut i livet.

§9 Medlemene i eit lokallag vel styre på års-/halvårsmøte. Styret kallar inn til års-/halvårsmøta og legg fram årsmelding og rekneskap der.

Landsmøtet

§10 Landsmøtet er det høgste organet i Norsk Målungdom. Det skal haldast i februar eller mars kvart år.

§11 Landsmøtet skal ha føre:

Landsmøtet skal òg hava føre framlegg til vedtak, arbeidsprogram, fråsegner, endringar av tuft og/eller lover. Ei lovendring kan berre havast føre dersom framlegget har vore sendt til sentralstyret minst 6 veker føreåt, og det må ha 2/3 fleirtal for å verta vedteke. Ei tuftendring kan berre havast føre dersom framlegget har vore sendt til sentralstyret minst 6 veker føreåt, og det må ha vanleg fleirtal for å verta vedteke.

§12 Det skal liggja føre revisjonsmelding om rekneskapen til NMU, for godkjenning av landsmøtet. Landsmøtet skal velja ettersynsmann.

§13 Landsmøtet skal kallast inn minst 4 veker på førehand. Det skal sendast sakspapir og framlegg til saksliste i lag med innkallinga.

§14 Framlegg som lag eller medlemer vil ha opp som eiga sak på landsmøtet, må vera sende til sentralstyret minst 6 veker før landsmøtet. Framlegg som kjem inn for seint må ha 2/3 fleirtal på landsmøtet for å verta handsama.

§15 Sentralstyret skal gjera kjent kvar og kva tid landsmøtet skal vera, i god tid før 6-vekersfristen. Samstundes skal ei førebels sakliste gjerast kjend. Dette skal skje gjennom lysing i den (ny)norske rikspressa og gjennom skriv til laga og Noregs Mållag.

§16 Det skal kallast inn til omframt landsmøte når landsstyret eller 1/3 av laga krev det. Innkallinga er som til eit vanleg landsmøte. Omframt landsmøte kan berre gjera vedtak i dei sakene som er nemnde i innkallinga.

Utsendingsrett

§17 Eit lokallag må ha minst fem medlemer for å ha rett til røystefør utsending på landsmøtet. Talet på røysteføre utsendingar vert fastsett etter denne nøkkelen:
05-10 medlemer gjev 2 utsendingar
11-25 medlemer gjev 3 utsendingar
26-40 medlemer gjev 4 utsendingar
41-60 medlemer gjev 5 utsendingar
61-90 medlemer gjev 6 utsendingar
91-150 medlemer gjev 7 utsendingar
lag med meir enn 150 medlemer får 8 utsendingar

Lokallaga og distriktslaga har høve til å senda observatørar til landsmøtet.

Til omframt landsmøte er retten til å røysteføre utsendingar slik:
5 - 50 medlemer gjev rett til 1 utsending,
Over 50 medlemer gjev rett til 2.

§18 Utsendingar frå lokallaga har røysterett når laga har betalt årspengar og sendt inn årsmelding. Utsendingar frå lokallaga skal veljast på årsmøte eller medlemsmøte. Leiaren i NMU har alltid røysterett på landsmøte i NMU.

§19 Alle som har fått verv eller ombod av landsmøtet eller landsstyret i NMU har tale- og framleggsrett på landsmøtet.

Landsstyret

§20 Landsstyret er det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Landsstyret skal på grunnlag av landsmøtevedtak forma ut NMU sin politikk. Landsstyret skal sjå til at organisasjonen arbeider etter retningslinene i tufta og etter prioriteringane i arbeidsprogram og andre planvedtak.

§21 Landsstyret vert valt av landsmøtet og står andsvarleg andsynes landsmøtet. I landsstyret sit leiaren for NMU og 10, 12, 14 eller 16 andre. Det skal veljast ei nummerert varaliste til landsstyret. Det skal vera geografisk spreiing av medlemene i landsstyret, og der det er mogleg, lyt landsstyrerepresentantane sitja i distriktsstyret.

§22 Medlemene i landsstyret vert valde for to år om gongen. Helvta av landsstyret skal stå på val kvart år. Dersom landsmøtet må velja fleire enn helvta eit år, skal valnemnda innstilla på kandidatar som kan stå på val att etter eitt år. Landsmøtet vel desse saman med resten av landsstyret. Leiaren er på val kvart år.

§23 Landsstyret skal ha minst 4 møte i året, eller når leiaren, sentralstyret eller fleirtalet i landsstyret krev det.

§24 Landsstyret er vedtaksført når meir enn helvta av medlemene er til stades. Innkalling og sakspapir skal vera sendt til medlemene minst to veker før møtet.

§25 Landsstyret skal alltid ha så mange medlemer som landsmøtet har fastsett. Landsstyret nemner opp folk frå varalista med fulle rettar når ein medlem trekkjer seg.

Tilhøvet mellom landsstyret og sentralstyret

§26 Landsstyret vedtek føresegner som regulerer andsvarsområda til landsstyret og sentralstyret.

§27 Sentralstyret ved økonomiandsvarleg skal på kvart landsstyremøte leggja fram oversyn over den økonomiske stoda i NMU.

§28 Landsstyret er arbeidsgjevar for tilsette i NMU, og fastset instruksar, lønstilhøve og arbeidsoppgåver for desse.

Sentralstyret

§29 Eit nyvald sentralstyre med leiar, nestleiar og økonomiandsvarleg, og medlemene og varafolka til landsrådet i Noregs Mållag, tek sæte den fyrste syknedagen i juli. Det nyvalde landsstyret kan etter fleirtalsvedtak skuva ut dette tidspunktet med inntil fire veker.

§30 Sentralstyret har andsvar for den daglege leiinga av samskipnaden, og skal setja politikken til NMU ut i livet i samsvar med vedtak frå landsmøtet og landsstyret. Sentralstyret skal førebu saker for landsstyret slik landsstyret ynskjer det.

§31 Sentralstyret representerer Norsk Målungdom utetter og har råderett over eiga til Norsk Målungdom. Sentralstyret har fullmakt til å teikna for organisasjonen, og har fullmakt til å gå inn for lån eller kassakreditt dersom det vert naudsynt. Alle dei faste medlemene i sentralstyret må vera til stades dersom sentralstyret skal gå inn for lån eller kassakreditt, og innstillinga må vera samrøystes.

§32 Sentralstyret skal ha minst 5 medlemer. Det skal i tillegg veljast minst tre nummererte varafolk. Sentralstyret skipar seg sjølv med unnatak av leiar, nestleiar og økonomiandsvarleg. Landsstyret kan gjera suppleringar i sentralstyret etter framlegg frå dette.

§33 Sentralstyret er vedtaksført når minst 5 av medlemene er til stades og alle medlemene er kalla inn i god tid.

Distriktsstyra

§34 Distriktslaga skipar seg sjølve med lover og føresegner som ikkje strir mot prinsippa i denne lova.

§35 Distriktsstyret skal samordna og driva fram arbeidet i lokallaga i distriktet, verka til å skipa nye lag og tena som bindelekk mellom sentralstyret og lokallaga.

Kjønnssamansetjing av organ i NMU

§36 Representasjonen av gutar og jenter bør vera jamn i alle organ i NMU, og i styre og nemnder med fleire enn tre personar skal minst 40% av representantane vera jenter.

Rusmiddel

§37 Ingen skal bruka rusmiddel på noka NMU-tilskiping. Dette gjeld gjennom heile tilskipinga. Lag i NMU kan gjera eigne vedtak for sine tilskipingar. Ved brot på denne paragrafen kan landsstyret vedta å nekta deltakarane reisedekkjing. Ved grove overtramp, sjå "Disiplinærtiltak".

Disiplinærtiltak

§38 Ved grov utruskap mot NMU eller medlemer i NMU, som skjer i samband med verksemd i NMU, kan organisasjonen setja i verk disiplinærtiltak mot medlemer og tillitsvalde. Tiltaka kan vera:

  1. Attendekalling av tillitsvalde: Alle forsamlingar i NMU som vel tillitsvalde kan kalla attende desse.

  2. Suspensjon: Styre på alle nivå kan suspendera medlemer og/eller tillitsvalde som er mistenkte for grov utruskap. Suspensjonar på lågare nivå i organisasjonen skal godkjennast av landsstyret. Suspensjonar kan ikkje gjelda for meir enn eitt år. Innan eitt år skal anten suspensjonen trekkjast attende, eller føra til eksklusjon.

  3. Eksklusjon: Eksklusjon av medlemer skal skje med 2/3 fleirtal i landsstyret og må godkjennast av landsmøtet (med 2/3 fleirtal), med ein rapport frå landsstyret som saksskriv.

Den som fær retta krav om disiplinærtiltak mot seg skal kallast inn og ha tale- og framleggsrett i alle organ som har saka føre. Landsstyret skal leggja fram rapport om alle disiplinærtiltak siste år for landsmøtet.

Tilhøvet til Noregs Mållag

§39 Tilhøvet til Noregs Mållag er ordna av samarbeidsavtala, som skal vera vedteken av landsmøta til Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Tilhøvet til andre organisasjonar

§40 Ingen organ i Norsk Målungdom kan gjera avtaler med andre organisasjonar, som strir mot lovene til Norsk Målungdom. I tilfelle der det ikkje er samsvar mellom lovene og avtalar, gjer landsstyret vedtak som regulerer samarbeidet til samsvar er skipa.

§41 Norsk Målungdom skal ikkje binda seg til noko politisk parti

Oppløysing

§42 Norsk Målungdom kan ikkje løysast opp så lenge det finst tre lag som ikkje vil det. Dersom Norsk Målungdom vert løyst opp eller ligg nede, skal Noregs Mållag taka over eiga mellombels. Eiga går over til Noregs Mållag dersom det ikkje innan fem år vert skipa til ein ny landssamskipnad med same føremål som står i §1 i denne lova.