Målungdomssoga

Rørsla av organiserte unge målfolk er mykje eldre enn samskipnaden Norsk Målungdom, som vart skipa i 1961. Me legg her fram ei tidstavle over merkeår og hendingar i målungdomssoga.

1877:
Det fyrste målungdomslaget, Maalvinarlaget ved Stord Lærarskule, vert skipa.

1880-åra:
Elevmållaget i Kristiansand skipa.

1898:
Mållaget «Heimhug» ved lærarskulen i Tromsø skipa.

1900:
Studentmaallaget i Oslo (SmiO) skipa.

1908:
Studentmållaget ved Ås landbrukshøgskule skipa.

1916:
Studentmållaget i Nidaros skipa.

1951:
Studentmållaget i Bergen skipa.

1950-åra:
Det dukkar opp eigne elevmållag på fleire gymnas.

1959:
Avisa Apropos tok til å koma ut i Oslo, utgjeven av SmiO. Avisa vart etter kvart medlemsavis for NSEM.

1961:
Noregs Student- og Elevmållag (NSEM) vert skipa 3. august. Student- og elevmållaga hadde tidlegare vore vanlege lokallag i Noregs Mållag. NSEM får status som eit fylkeslag i NM. Eirik Aksel Larsen er den fyrste formannen for samskipnaden.

1960-åra:
Auke i talet på elevmållag, men svært varierande aktivitet i landsorganisasjonen. Arbeidsutvalet skifte mellom å liggja i Bergen og Oslo.

1967/68:
NSEM tek til å halda eigne landsmøte. Tidlegare vart dei haldne i samband med landsmøta i NM.

1967:
SmiO skipar til den internasjonale «European Conference of Lingual Minorities». Det kjem deltakarar frå mange vest-europeiske minoritetsmål og konferansen fekk mykje blest.

1970:
Den fyrste lærebokaksjonen vert halden (med utspring i Øystese).

1971:
Tidsskriftet Mål og Makt, utgjeve av SMIO, tek til å koma ut. Den fyrste sumarleiren vert halden, på Vinstra i Gudbrandsdalen.

1972:
NSEM byter namn til Norsk Målungdom (NMU). Organisasjonen er svært aktiv i kampen mot EEC.

1972–79:
Målfront vert medlemsblad for NMU.

1970-åra:
Dialektarbeidet og læremiddelarbeidet dominerer i organisasjonen. Sterk radikalisering set merke på NMU som dei fleste andre organisasjonar. Sterk vokster i organisasjonen (fram til 1977) og mykje intern strid og linekampar.

1975:
NMU får formell status som ungdomsorganisasjon for Noregs Mållag.

Om lag 1980:
Læremiddelsaka vunnen og lagd på hylla. Dialektarbeidet meir i framgrunnen. Nedgang i organisasjonslivet.

1980–84:
Folkemål medlemsblad for NMU.

1982–85:
Riksmålsungdommen, Unge Høgre og Noregs Gymnasiastsamband med offensiv mot sidemålsopplæringa.

1985:
Medlemsbladet skifter namn til EG (det fyrste nummeret heitte Gýgr). I byrjinga internt meldingsblad, frå 1991 medlemsblad.

1985–90:
Ny medlems- og aktivitetsauke.

1989:
Den fyrste studentkonferansen halden (i Nidaros).

1990:
Landsmøtet i NMU vedtek Program for ei nasjonal framtid. Målstriden vert sett i samanheng med stridane i andre land for nasjonal og språkleg frigjering.

1991:
Tradisjonen med sumarleirar frå 1970-talet vert teken opp att. Seinare årvisse leirar. Landsmøtet i NMU vedtek programmet Målføra og nynorsken.

1990-åra:
Ordninga med språklege parallellutgåver av lærebøker truga frå fleire kantar.

1993–94:
NMU aktiv i striden mot norsk EU-medlemskap. Sernummer av Eg om EU.

1994:
Sumarleir på Færøyane, 70 deltakarar, leiren med flest deltakarar på 90-talet.

1996:
Ivar Aasen-konferansen samlar 220 deltakarar. Konferansen var ei av dei største tilskipingane i Ivar Aasen-året, og var eit samarbeid mellom Norsk Målungdom og Ivar Aasen-sambandet.

1997:
Aksjon for språkleg rettferd i skulen (AFSRIS) mønstrar sterk motstand mot framlegget til ny opplæringslov. 30 000 elevar streikar for retten til nynorske læremiddel. NMU samarbeider med NGS og NEO. Målungdomsbladet skifter namn frå Eg til Motmæle.

1998:
Landsmøtet i NMU vedtek programmet Norsk vilje - program for ein alternativ ungdomskultur.

1999:
NMU får mykje blest i media kring kampanjen «Stogg urbanismen!».

2000:
NMU vedtek ny tuft på landsmøtet i Oslo. 21 000 skuleelevar streikar for retten til dataprogram på nynorsk. Studentmållaget i Oslo skipar til jubileumskonferanse i samband med hundreårsjubileet sitt.

2001:
NMU skipar til ein stor demonstrasjon i Ålesund for retten til nynorske dataprogram. Sumarleir på Færøyane med 70 deltakarar.

2002:
NMU vedtek det internasjonale programmet sitt på landsmøtet i Sandane.