NORSK MÅLUNGDOM

Spørsmål og svar · Kvifor nynorsk?
· Kva er nynorsk?
· Byta til nynorsk?
· Læra nynorsk?
· Kvifor NMU?
· Korleis verva?
· Kvifor sidemål?
· Kven sit i styret?
· Språklege rettar
· Kvifor dialekt?

Minoritetsspråk i NordenNynorske dataprogramwww.nynorsk.noMeld flytting til NMUSend e-postkort

Norskfagskonferansen – for deg som har norsk!

I løpet av vidaregåande har du 1 512 000 sekund med norsk på vidaregåande, om du går på allmennfag. Skal du kjeda deg all den tida?

4.–6. november skipar Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen til ein stor konferanse på Lambertseter VGS i Oslo. Emnet er ”det nye norskfaget”, som mellom anna femnar om nye læreplanar, sidemål, morsmålsopplæring, elevmedråding og mykje, MYKJE anna. Det vert høve til å verta kjend med folk frå heile landet. Gjennom ulike verkstader, teiknspråkkurs, ordskifte, teatersport og leiking skal alle få brynt seg. Og sjølvsagt vert det paneldebatt med ungdomspolitikarar og utdeling av Dialektprisen til nokon som verkeleg har fortent han! Me er stolte av å kunne presentera eit knallsterkt program, og vonar at nett DU vil vera med på ein konferanse du seint vil gløyma!

Les det oppdaterte programmet.

Konferansen kostar 500,- pluss reise, men dette kan du få dekt om reisar for elevrådet på skulen din eller ditt lokallag i NMU. Om du ikkje får stønad frå nokon plass, men vil reisa, og synst det er dyrt, kan du ta kontakt med skrivarstova.

Meld deg på ved å skriva til norskfagskonferansen@nynorsk.no eller fylla ut nettskjemaet på denne sida. Alle spørsmål går til norskfagskonferansen@nynorsk.no eller 23 00 29 40.

Velkomen!

Førenamn:

Etternamn:

Adresse1:

Adresse2:

Postnr-/stad:

Fødeår:

Telefon:

Privat Arbeid

Mobiltelefon:

E-post:

Andre ting:

Eg ynskjer:

å melda meg på konferansen
meir informasjon om konferansen

-
FRAMSIDA NMU - Lova, soga, styret, meiningar m.m. NYNORSKEN TILSKIPINGAR - aktivitetskalender og bilete SIDEMÅL ARTIKLAR PEIKARAR MELD DEG INN