Sidemål = bondebabbel?

Av Eva Marie Mathisen

Raut!"Er vi et bondefolk?" skreiv Aftenposten på leiarplass då sidemålsordninga vart innført, og på 50-talet kalla riksmålsrørsla nynorsk for "sinkenes babbel". Å kalla nynorsk for eit grautmål eller bondemål har vorte gjort lenge før Oslo Unge Høgre laga flygebladet med teksten: "La dem raute nynorsk, bare vi slipper!"

Sidemålsordninga er ikkje noko ny ordning i den norske skulen. I 1907 krangla Høgre og Venstre i tre dagar i Stortinget før dei bestemte seg for at alle måtte læra seg både nynorsk og bokmål. Sidan då har det vore mange store diskusjonar om sidemålsordninga, og det er ikkje berre i dag at sidemålet vert utsett for åtak frå høgre og venstre.

"Eg" eller "jeg"?
I botnen handlar striden om sidemålet om striden mellom bokmål og nynorsk. Denne målstriden har prega Noreg heilt sidan 1800-talet. Nynorsk og bokmål, eller landsmål og dansk-norsk som det heitte før, vart jamstelte i 1885. Når dei fleste talar om sidemål, er det nynorsk det er snakk om.

Det er bokmålselevar som klagar på at sidemål er vanskeleg å læra, og sjeldan høyrer ein at nynorskelevar klagar over kvifor dei må læra bokmål. Kvifor provoserer nynorsken slik?

Grunnen til at nynorsk provoserer, er at språk handlar om mykje meir enn kva rekkjefylgje bokstavane kjem i. I over 150 år har nynorsken vore ein utfordrar til vanlege tankar om kva som er fint og stygt språk, og til førestellinga om at skriftspråket skal byggja på slik eliten snakkar. Striden mellom nynorsk og bokmål handlar om meir enn skilnaden på kvar ein plasserer "e" og "g" i "Noreg" og "Norge". Nynorsken er tufta på alle dialektane i landet, medan bokmål tek utgangspunkt talemålet til overklassen i byane på 1800-talet, og som me veit freista dei å snakka dansk. Dialektane er ikkje berre ulike måtar å uttrykkja dei same orda på, dei inneheld eit mangfald av ulike ord og uttrykk. Nynorsken har teke opp i seg dette mangfaldet, og det kan me sjå av at Nynorskordboka er tjukkare enn Bokmålsordboka. Nynorskordboka inneheld om lag 90 000 oppslagsord, medan bokmålsordboka berre har 65 000.

Nynorsk og bokmål representerer òg to forskjellige måtar å tenkja om kva den norske kulturen skal vera, og kva og kven han skal byggja på. I dei aller fleste land er skriftmålet laga etter talemålet til eliten, men det treng ikkje vera slik. Det nynorske skriftspråket er laga ut frå talemålet til vanlege folk kringom i heile landet. I Zimbabwe vert no Aasen sin metode med å samla inn dialektprøver frå heile landet brukt når ein skal skriftfesta språket til shona-folket. I Noreg vert det sett på som bra å snakka dialekten sin, men slik er det ikkje i til dømes England og Tyskland, og slik ville det heller ikkje ha vore i Noreg utan nynorsken. Det at me har eit skriftspråk i Noreg som byggjer på heile landet, har vore med og gjort at hovudstadskulturen har vorte litt mindre viktig og resten av landet har hatt litt høgare status enn i mange andre land.

Nynorsk og bokmål er daglege konkurrentar om dei same brukarane. Skriv du bokmål, tek du stilling mot nynorsk, og skriv du nynorsk, tek du stilling mot bokmål. Difor spelar det ei rolle om du vel å skriva "eg" eller "jeg"!

Rett til å velja
Ordninga med obligatorisk sidemålsundervising er ei naturleg forlegning av jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Sidemålsordninga er ein garanti for nynorskbrukarar om at dei skal få kunne møta språket sitt i t.d. offentlege samanhengar. Tidleg på 1900-talet vart innføringa av sidemålsordninga ei stadfesting av at nynorsken var eit norsk språk, (no er det vel ingen som tvilar på det lenger), og sidemålsordninga gjorde det slik at fleire kunne få høve til å læra seg nynorsk.

Å læra sidemål handlar om retten til å velja sjølv. For at alle skal kunne taka eit val mellom nynorsk og bokmål, må dei få kunnskap om dei to språka. Det får ein ved å læra seg å lesa og skriva både nynorsk og bokmål. Men i tillegg må ein få kunnskap om tankar omkring språka. Kvifor er det til dømes slik at når ein snakkar om ein som er "fin-snakka", så tyder det at han eller ho snakkar bokmålsnært? Kvifor er det slik at ein tenkjer at nynorsk er eit språk på bygdene? Slike spørsmål skal ein få høve til å ta stilling til gjennom sidemålsopplæringa.

Norskfaget er eit av dei viktigaste faga, og fylgjer oss gjennom heile skulen. Norsk handlar ikkje berre om å skriva rett, men òg om kva for tankar som har prega og pregar det norske samfunnet. Dette er kunnskap som alle bør få del i, av di det set oss i stand til å skjøna og handla i det norske samfunnet.

Dårleg undervising
Hausten 2000 blussa striden om sidemålet for fullt opp igjen då den dåverande skulebyråden i Oslo, Bård Folke Fredriksen, gjorde framlegg om å gjera Oslo til ein forsøkskommune der elevane kunne få sleppa å læra sidemål. Kronargumentet var at ein nok vert betre i hovudmålet sitt viss ein kan få sleppa å bruka tid på sidemålet. All forsking som er gjort på dette området, provar det motsette: Ein vert flinkare i språk av å læra fleire språk.

Mykje av grunnen til at elevar i dag har eit negativt forhold til å læra sidemål, ligg i sjølve undervisinga. Når ein ordskiftast om sidemål opplever ein ofte det same: undervisinga er jamt over for dårleg, og ein lyt tenkja ut korleis ein kan gjera henne betre. Difor er det bra at ein no får eit ordskifte kring sidemålet, men det er ikkje rette vegen å gå å kutta sidemålet ut frå skulen eller gjera det valfritt slik som mange vil. Norsk utan sidemål vert berre eit halvt norskfag!

So lenge Noreg har to offisielle skriftspråk, vil det vera strid mellom desse. Å læra om striden gjev oss eit røynleg grunnlag for å skjøna det norske samfunnet. Difor er det å læra sidemål viktig. Men endå viktigare er det at ein nyttar kunnskapen. Nynorsk er eit språk som høver for alle her i landet, same kvar ein kjem frå og kva for dialekt ein talar. Det var òg difor Ivar Aasen kalla nynorsk for landsmål - eit mål for heile landet, ikkje berre for bønder.