Lurer du på kva lovane og læreplanane seier om sidemål, eller om det er sant at sidemålskarakteren øydelegg vitnemåla til elevane? Her finn du svara
Kven har sidemål?
På ungdomsskulen har alle sidemålsundervisning, og karakter i hovudmål
og sidemål. På grunnkurs og vidaregåande kurs yrkesfagleg
studieretning har ein ikkje eigen karakter i sidemål.
I måla i læreplanen (både på GK og VK I og II) står det: "Elevane skal ha grunnleggjande kunnskap om rettskriving, formverk og språkføring i hovudmålet"
På grunnkurs og vidaregåande kurs for studieretningane for felles allmenne og økonomisk/administrative fag, musikk, dans og drama og idrettsfag har ein karakter i norsk hovudmål, sidemål og munnleg. Ein har òg avsluttande eksamen i norsk hovudmål og sidemål.
Under mål i læreplanen står det
Kven får fritak?
Dei som har eit anna morsmål enn norsk får fritak for sidemålsundervisninga.
Dei som har ein individuell læreplan, kan godt leggja han opp slik at dei slepp sidemålsundervisning. Om ein har store lærevanskar, kan ein får ein individuell læreplan. Då får ein heller ikkje eit fullstendig vitnemål.
Kjelde: Føresegnene til opplæringslova
Øydelegg sidemålet vitnemålet for elevane?
Eksamensresultata for tredje klasse ålemnnfag dei siste tre åra
ser slik ut:
|
År |
Hovudmål |
Sidemål |
|
1998 |
3,3 |
3,2 |
|
1999 |
3,4 |
3,1 |
|
2000 |
3,3 |
3,1 |
|
2001 |
3,2 |
3,1 |
Til samanlikning er gjennomsnittskarakteren for alle fag var i 2000 3,2.
Her kan ein ser ein altso at det ikkje er so stor skilnad på hovudmåls- og sidemålskarakteren, og at skilnaden mellom karakterane varierer.
Kjelde: Karakterstatistikk frå vidaregåande skule, Læringssenteret
Kor mykje undervisning er det?
Det finst ingen målingar som syner kor stor del av norskundervisninga
som vert nytta på hovudmål og sidemål. Men: mange elevar meiner
at dei får for lite undervisning til å fylla måla som står
i læreplanen.
Det er ikkje spesifisert i læreplanane kor mykje undervisning elevane skal få i sidemål. Det finst ikkje noko minstekrav til kor mange timar læraren skal undervisa i emnet.