Kvifor må me læra det, då?

Sidemålsspørsmålet dukkar opp med jamne mellomrom i norske klasserom, på partikontor, i skulevalkampen og i pressa. Like sikkert som at saka dukkar opp, er det at ho skaper ordskifte og at det er vanskeleg å verta samde.

Heilt sidan ordninga med obligatorisk sidemål vart innførd for snart hundre år sidan, har ho vore til irritasjon for nokon, og til glede for andre. Ideen bak innføringa av sidemålet var enkel, men og på eit vis genial. På starten av 1900-talet var nynorsken på frammarsj, spesielt i skuleverket. 8 år etter at skulane sjølve fekk velja opplæringsspråk, hadde mellom 8 og 9 prosent av skulane i landet gått over til nynorsk. Frå 1905 til 1907 bytte meir enn 300 skulekrinsar til nynorsk. Landet var i ferd med å verta språkleg kløyvd. Alternativet til å kløyva landet var "å kløyva mannen" - å sikra seg at alle lærte båe måla. Då sidemålet vart innførd i 1907 vart Bjørnstjerne Bjørnson og riksmålsforbundet rasande. Dei ville ikkje at ungane skulle læra å skriva nynorsk. "Bondens sene, nølende ubestemte Maade at udtrykke sig paa kan være ejendommelig og have sin Interesse; men vi vil have det raskere, klarere - vi har ikke Tid til sligt Sludder", sa Bjørnson i eit av sine vidgjetne foredrag om "landsmaalet". Den gong som no hang sidemålsmotstand og nynorskmotsand tett saman.

Sidemålet hjelper med å forstå
Sidemålsordninga inneber ei anerkjenning av nynorsk. Sjølv om nynorsken er eit mindretalsmål, er han ein sentral del av kulturen og soga vår. Skal norskfaget framleis vera eit kulturfag, må det ogso ha plass til nynorsk. Sidemålet gjer det ogso lettare å forstå; på det reint språklege planet er sidemålet med på å gjera det lettare å forstå dialektane. Om ein veit at det heiter "mjelk" på Sotra og at det heiter "mjølk" i skriftleg nynorsk, er det ikkje so vanskeleg å forstå kva "mjøk" på nordmørsk tyder heller. Om ein i tillegg ikkje trur at sidemålet er ein konspirasjon mot elevane som ikkje bur på vestlandet, kan det ogso vera til hjelp for å forstå meir av den norske kulturen. Tenk - me nordmenn har ikkje greidd å verta samde om kva som er språket vårt - me har faktisk to. Dette syner oss at den norske kulturen slett ikkje er eintydig, og at han nok aldri har vore det heller. Nynorsken og bokmålet er uttrykk for to motstridande måtar å laga skriftspråk på. I dag er det slik at ein halv million menneske skriv det språket som byggjer på dialektene til vanlege folk her i landet - nynorsken. Kanskje Unge Høgre burde ha tenkt over nett kvifor ein halv million menneske vel å skriva nynorsk, i staden for å laga slagord av typen "la dem raute på nynorsk".