Mytar og fakta om sidemål

Norsk Målungdom meiner me må halda fram med sidemålsundervisinga, og at det framleis skal vera ein eigen karakter i sidemål. Sidemålet sin plass i norskfaget må ikkje styrast einast av omsyn til «pensummengde» og «yrkesrelevans». Norskfaget må òg ha som oppgåve å formidla den norske språk og kulturtradisjonen. Her har både nynorsk og bokmål ein plass.

Både nynorsk og bokmål er jamstilte språk over heile landet. Difor er det eit viktig prinsipp at bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar skal ha like rettar på alle område, td. å få lærebøker, eksamenar, brev og sjølvmelding på sitt eige språk. For at dette skal vera praktisk mogleg må alle få god opplæring i begge språka.

Unge Høgre nyttar slagordet «det er betre å læra eitt mål godt enn to mål dårleg» i sin kampanje mot sidemål. Det er lite som tyder på at ein vert dårlegare i hovudmålet sitt av å læra andre språk. Tvert imot er det ein fordel å læra språk. Elevar som har vokse opp med nynorsk hovudmål har høgare gjennomsnittskarakter, både i bokmål og nynorsk. Fordi bokmålet dominerer overalt, har nynorskelevane ogso fått høve til å læra dét òg heilt frå barnsbein av.

Nokre hevdar at motstanden mot sidemålet finst fordi elevane får so dårlege karakterar. Ser ein på landsgjennomsnittet for norsk hovudmål, og for norsk sidemål, kan ein sjå at sidemålskarakterane jamt over ikkje er dårlegare enn hovudmålskarakteren. Gjennomsnittskarakteren for både hovudmål og sidemål ligg på 3.2.

Mange av sidemålskritikarane hevdar at det er sidemålet som gjer at folk skriv dårlegare no enn for 20 år sidan. Problemet med synkande lese- og skrivekunnskapar er ikkje Noreg, det er eit internasjonalt problem. Difor er det vanskeleg å sjå at nynorsken kan vera grunnen til dette.

For å auka lese- og skrivekunnskapane i landet ynskjer me heller å rusta opp både bokmål- og nynorskundervisinga i norskfaget. For å betra på undervisinga i nynorsk sidemål trur me det er viktig at nynorsk vert brukt utanfor dei faste sidemålstimane, at grammatikkundervisinga vert knytt til elevane sitt eige talemål, og at ein får lesa fleire nynorske tekstar.

Sidemål gjev oss ikkje mindre, men meir språkkunnskap!