Kva svarer me sidemålsmotstandarane?
Ein vert ofte bombardert med mange ulike spørsmål, påstandar og
motargument når ein forsvarer sidemålsordninga. Det ein oppdagar
etter kvart, er at det er mykje dei same innvendingane som går
att. Det er to slags innvendingar. Det eine slaget går på kvifor
me har nynorsk, og kvifor alle bør læra det. Sidemål er som kjend
nynorsk for dei fleste, og sidemålsmotstand er ofte i røynda
motstand mot nynorsk. Det andre slaget går meir på korleis sjølve
sidemålsordninga fungerer. Her er det mange vikarierande argument
ute og går. Når nokon til dømes hevdar at dei er mot sidemål av di
undervisninga er so dårleg, ligg det ofte under ein tanke om at
nynorsk ikkje er so viktig å læra. So når ein debatterer, lyt ein
både
- få fram kvifor det er viktig for alle å læra nynorsk, og
- plukka frå einannan alle dei vikarierande argumenta.
Her er dei mest nytta argumenta mot sidemål, og hjelp til å
svara på dei.
Me har ikkje bruk for å læra nynorsk
- Du får bruk for nynorsk. Ein halv million arbeidsplassar
krev at du kan nynorsk. Veit du kvar du kjem til å arbeida
resten av livet?
- Sidemål gjer jamstelling mellom nynorsk og bokmål
mogleg. For at nynorsk- og bokmålsbrukarane skal vera likestilte
og verta forstått over alt, må nynorsk vera ålmennkunnskap. Alle
i Noreg har rett til å få svar frå det offentlege på sitt mål,
og alle elevar har rett til å få lærebøker på sitt mål. Dei som
skriv og omset desse må ha kunnskap i båe måla.
Me kan godt læra om historia til nynorsken og å skjøna det og
slikt, men kvifor må me læra å skriva det?
- Nynorsk og bokmål er ikkje berre ulike måtar å stava ord
på. Dei er ulike språk med ulik historie, og som har vakse fram
i opposisjon til einannan:
- Ein kan finna att mykje av si eiga dialekt i nynorsken,
nett av di nynorsken er bygt opp av alle dialektane
våre. Mykje som i bokmålet er sett på som slang eller
"udanna tale", er eigentleg norske dialektar. Til dømes
vert det å seia "gutta" i Oslo, sett på som slang,
medan det er oslodialekt. Å seia "bilane" i Vestfold
vert ofte sett på som udanna, men er dialekt. Dette fangar
nynorsken opp. Når ein skriv nynorsk, kan ein bruka
dialekten sin som ressurs.
- Nynorsk er ein annan måte uttrykkja seg på. I
engelskundervisninga seier læraren ofte: "tenk på engelsk
når du skriv". Når ein skriv nynorsk, lærer ein å
"tenkja på nynorsk": å uttrykkja seg klårt og enkelt,
verbalt, og å bruka dialekten sin.
- Både nynorsk og bokmål er offisielle norske språk. På
skolen skal ein få ålmennkunnskap om det norske
samfunnet. Språket er den viktigaste berebjelken i kulturen
vår. Språket vårt er ein del av oss, ein del av identiteten
vår som norske. Difor må me kunna båe dei norske språka for
å kjenna heile kulturen og landet vårt. Eit "norskfag"
der ein berre skal læra det eine av dei to offisielle norske
språka me har, vil berre vera eit halvt norskfag.
- Det er viktig å velja sjølv kva språk ein vil ha som sitt
resten av livet. For at alle skal ha høve til å velja om nynorsk
eller bokmål skal vera deira språk, må ein læra å skriva båe
språka på skolen
- Ein kan ikkje eit språk før ein kan skriva det. Når me lærer
språk lærer me både å snakka og å skriva det. Ein kan ikkje
engelsk om ein berre kan det "munnleg".
Nynorsk er eit vestlandsspråk, kvifor må me læra det over heile
landet?
Nynorsk er ikkje eit vestlandsspråk, av di:
- Nynorsk er bygt på det som er sams for alle dialektane i
Noreg. Nynorsk er ikkje eit bygdemål eller eit bymål. Nynorsk er
eit landsmål: eit språk for heile landet. Bokmål er derimot
ikkje norsk i tydinga landsfemnande - bokmålet er bygt på
talemålet til ei svært avgrensa gruppe menneske i hovudstaden og
på dansk.
- Nynorsk vert brukt over heile landet. I alle dei største
byane er det elevar som veks opp med nynorsk som hovudmål (Oslo,
Bergen, Trondheim, Stavanger). Nynorskbrukarar finst i alle
fylke i landet, og institusjonar og verksemder som nyttar
nynorsk finn ein både i Oslo (Det norske teatret), på Vestlandet
og i resten av landet.
- Av di nynorsk vert mest brukt på Vestlandet trur mange at
nynorsk er eit vestlandsspråk. Men jamvel om bokmål vert mest
brukt i Trøndelag og i Nord- Noreg vil ikkje det seia at bokmål
er eit trønderspråk. For 50 år sidan skreiv over halvparten av
trønderane nynorsk i skolen, medan 30% av rogalendingane skreiv
nynorsk - var nynorsk då eit trønderspråk? Om folk skriv nynorsk
eller bokmål har ingenting med korleis dei snakkar å gjera.
Difor - av di nynorsk er eit språk for heile landet, som vert
brukt i heile landet - bør me læra det på skolen over heile
landet.
Me skjønar jo einannan sjølv om eg har nynorsk og du
bokmål
- Ja, me skjønar einannan. Mykje av grunnen til det er at det
stort sett er greitt for bokmålsbrukarar å lesa nynorsk og for
nynorskbrukarar å lesa bokmål, er at alle får undervisning i
begge skriftmåla. Elles hadde me nok skjøna kvarandre slik me
skjønar dansk og svensk. Nynorsk er eit offisielt norsk språk,
og me kan stilla høgare krav til at folk i Noreg skal meistra
norsk enn svensk.
- Me har ikkje sidemål berre av di me skal skjøna einannan. Me
har sidemål av di nynorsk er ein viktig del av norsk språk og
kultur. I norsktimane får me ikkje berre grunnleggjande lese- og
skrivekunnskapar: Me lærer om dialektane og dei to skriftspråka
våre, og me har språk og litteraturhistorie. Me får
felleskunnskap om norsk kultur. Dette er naudsynt kunnskap for å
skjøna og deltaka follt ut i det norske samfunnet.
Sidemålet øydelegg for innvandrarar og dei som har lese- og
skrivevanskar.
Dette er feil: Dei som har lese- og skrivevanskar får fritak
frå sidemålsundervisninga. Det får òg alle som har norsk som
andrespråk, anten fyrstespråket deira er samisk, urdu eller
teiknspråk.
Det er betre å læra eitt mål godt enn to
dårleg.
Dette står i Unge Høgre sine flygeblad, og med det meiner dei
at sidemålsundervisninga gjer at elevane vert dårlegare i
hovudmålet sitt. Dette er Unge Høgre sitt hovudargument mot
sidemål, og er ikkje eit veldig godt argument.
Det er ingen ting som tyder på at ein vert betre i hovudmål av
å ikkje ha sidemål. Forskinga tyder på det motsette: at ein vert
betre i språk av å læra fleire språk. Unge Høgre seier òg ofte at
det er so mange elevar som slit med hovudmålet at ein må kutta ut
sidemål på vidaregåande ålmennfag. Dette er ikkje basert på
forsking på leseevna hjå norske elevar på
vidaregåande. Vidaregåandeelevar i Noreg er ikkje dårlegare enn
jamaldringane sine i elles i Europa til å lesa og
skriva. Dessutan: grunnleggjande skrivetrening i hovudmålet driv
ein med på barnetrinnet. Når folk har byrja på vidaregåande
ålmennfag, skal dei ha lært seg å skriva hovudmålet sitt.
Sidemål er keisamt
Er dette eit argument for å fjerna sidemålsopplæringa? Det kan
me testa på denne måten: Meiner dei som nyttar dette argumentet at
alt elevane tykkjer er keisamt skal fjernast frå læreplanane? Dei
som vil fjerna sidemålet av di det er keisamt, vil som regel ikkje
fjerna matte og tysk, sjølv om det er fag som mange tykkjer er
keisame. Det er mogleg å undervisa godt i sidemål og det er mogleg
å undervisa dårleg, nett som i alle andre fag og emne. Det finst
få som er konsekvent mot alt som nokon kan finna keisamt. Då må
det vera andre grunnar til at dei er mot sidemål. Til dømes at dei
meiner nynorsk ikkje er viktig nok å læra. Dei nyttar dei det at
elevar tykkjer sidemål er keisamt, som eit billeg triks for å få
sympati på skolevala og framstå som elevane sin ven.
Elevane likar ikkje sidemål og lærer ingenting
likevel.
For det fyrste: det er ikkje heilt sant at elevane ikkje lærer
noko. Karaktersnittet er om lag like godt i sidemål som i
hovudmål. Når elevane får so gode karakterar, må dei ha lært
noko.
Likevel: Om me vil at sidemålsundervisninga skal verta betre,
og det vil vel dei fleste som har sidemål, må me finna ut kva som
er problem med undervisninga i dag, og korleis dei kan
løysast.
Problem:
- Ja, undervisninga er ikkje alltid so god. Det har ikkje
vorte gjort noko systematisk arbeid for å betra
sidemålsundervisninga. I framandspråk som engelsk og fransk går
ein bort frå den gamle puggemetoden i undervisninga, men
sidemålsundervisninga heng att i puggeskolen frå femtitalet. Men
det er ikkje uråd å laga betre pedagogikk, det har berre vore
gjort i alt for liten grad. Me må få ei betre
sidemålsundervisning!
- Det finst mange fordommar mot nynorsk, og dei vert spreidde
heile tida. "La dem raute nynorsk, bare vi slipper", var
slagordet til Oslo Unge Høyre. Unge Høgre-lag i fleire fylke har
gjeve ut flygeblad med "spynorsk mordliste" på
framsida. Det er opplagt at dette er med å spreia og skapa
negative haldningar til nynorsk. Nynorsk vert kalla grautmål, og
mange ser på det som eit litt gamaldags og keisamt språk. Desse
fordommane påverkar både elevar og lærarar sine haldningar til
sidemålsundervisninga, og gjer at motivasjonen gjerne er dårleg
og det er keisamt. Skal fordommar styra kva me skal læra på
skolen?
Sidemål er tvang
Sidemål er nett like mykje eller lite tvang som gym eller at
ein må innom islam i religionspensum. Det å ha læreplanar og
obligatoriske fag inneber tvang. Dei som ropar høgast om at
sidemål er tvang, er ikkje alltid dei som er for mest fridom elles
i skolen. Heilt frå Bjørnstjerne Bjørnson si tid har
sidemålsmotstandarane klaga over sidemålstvangen. Dette er inkje
anna enn eit retorisk poeng, av di dei som er mot
"sidemålstvang" sjeldan er mot annan "tvang" i skolen,
som obligatoriske fag eller oppmøtetider.
Det er greitt å ha sidemålsundervisning, men kvifor må me ha
ein eigen karakter i sidemål? Nynorskkarakteren øydelegg
vitnemålet for mange.
Nokre seier at dei er mot karakter i sidemål av di dei er mot
karakterar, eller mot sidemål av di dei er for valfridom i faga. I
dag er skolen og undervisninga styrt av eksamen og karakterar. Ved
å fjerna den eigne karakteren i sidemål vil ein gje norsklærarar
som ikkje likar nynorsk fritt spelerom til å lata vera å undervisa
i sidemål. Det einaste ein vil oppnå med å fjerna eksamen og eigen
karakter i sidemål er difor å svekkja stillinga til
sidemålsundervisninga og slik nynorsken.
Kvifor kan me ikkje læra samisk i staden?
Dette er ein konstruert motsetnad. Alle er samde om at det er
viktig å læra meir om samar og samisk kultur. Men om ein har
seriøse intensjonar om at folk skal læra samisk, er ikkje
norskfaget rette staden. Ein må ha eit heilt anna omfang på
undervisninga om det skal vera mogleg å læra språket. Sidemål
hindrar ein ikkje i å læra samisk. Sidemål aukar tvert i mot den
språklege kapasiteten. Å læra meir samisk og om samisk er eit godt
og fornuftig krav. Om ein vil læra meir samisk, verkar det meir
truverdig om ein arbeider for å få meir samisk inn i skolen,
heller enn å arbeida mot sidemål.
Elevar i samiske kommunar får opplæring på samisk. Elevar med
samisk bakgrunn over alt har rett til å velja samisk som fyrste
eller andrespråk.
Nynorsk er vanskeleg!
- Dette er òg ofte eit vikarierande argument frå folk som
ikkje er imot å læra andre ting som er vanskeleg, berre nynorsk,
av di dei er mot sidemålsordninga frå før.
- Mykje på skolen er vanskeleg, til dømes matte og tysk. Me
går faktisk på skolen for å læra det me ikkje kan frå før. Det
er opplagt at det ofte er vanskeleg, men dette er ingen grunn
til å kutta det ut. Det må vera kva me tykkjer er viktig, ikkje
vanskegrad, som skal avgjera kva me bør læra på skolen.
- Nynorsk er ikkje so vanskeleg som ein trur. Undersøkjingar
syner at elevar er betre i nynorsk enn dei trur sjølve. Det er
ofte slik at når ein på førehand trur noko er vanskeleg,
kjennest det mykje vanskelegare når ein set i gang òg. Det er
det me kallar fordommar. Det er ein vanleg fordom at nynorsk er
vanskeleg. Karakterstatistikkane syner noko anna. Karakterane i
norsk hovudmål og sidemål er om lag like gode. Norsk er heller
ikkje av dei faga der karaktersnittet er lågast, langt fleire
får "øydelagt" vitnemålet sitt av tysk c-språk og
matte.
- Likevel tykkjer mange elevar at nynorsk er vanskeleg og at
dei ikkje meistrar det. Dette har med fordommar om språket å
gjera, og at sidemålsundervisninga ikkje gjer elevane trygge på
språket. Sidemålsundervisninga må gje elevane meir språkleg
sjølvtillit og mindre raude strekar i boka!