Jarle og Mildred Marita gler seg til sumarleiren!

Jarle Fagerheim frå Klepp budde det fyrste året av livet sitt i Østfold, fylket der sumarleiren finn stad i år. Han fortel at han gler seg stort til å sjå staden att.

Jarle FagerheimJarle var på sumarleir i fjor òg. Det var ei so gild oppleving at han no har meldt seg på endå ein gong. Han vonar på fint vêr.
«Sumarleiren er den største og flottaste NMU-tilskipinga,» påstår Jarle engasjert, berre det skulle jo vera nok til å koma. Sjølv gler han seg til heile leiren, og trur ikkje det vert keisamt eitt sekund! Sjølv om leiren som heilskap kjem til å verta flott, ser Jarle aller mest fram til å høyra om filosofi på nynorsk. Dessutan kjem det jo til å koma so mange kjekke folk!
Kveldane tek han som det kjem. Han røpar at han ikkje er den store sumarleirflørten, men at han i alle fall skal bada i løpet av veka.
Han tykkjer det er spanande at det vert ordskifte om den internasjonale politikken til NMU på sumarleiren, og meiner det er viktig å sjå innlegga frå målrørsla i internasjonale saker som ein del av eit større ordskifte, og so vurdera i kor stor grad me skal engasjera oss.
Jarle vonar som alltid å finna den store kjærleiken på sumarleiren til Norsk Målungdom, og der flørtetalentet tek slutt, får me vona lukka tek over...

Mildred Marita Ramberg Røthe kjem frå Sparbu, og påstår å ha mange gode grunnar for å gle seg til sumarleiren. Ho har hatt planar om å koma i fleire år no, men det kjem alltid eitkvart i vegen. Endeleg har ho tid til å koma på sumarleir.

Mildred Marita Ramberg Røthe «Eg gler meg til å duppa i vatnet med målungdomane,» ler ho. Og vassdupping skal det verta mykje av, det er ho heilt viss på!
Mildred Marita er full av forventingar til leiren. Ho har høyrd at staden skal vera flott, og ho gler seg veldig til å høyra om språk- og kulturpolitikken til EU, som ho sjølv er kritisk til. Ho fortel oppglødd om kor bra ho tykkjer det er at det vert sett ljos på internasjonal politikk, særleg i samband med EU og minoritetsspråk. «Det er trass alt mange land som er i omtrent same situasjonen som oss, med skriftspråk som skil seg valdsamt frå talemålet. Me må sjå oss sjølv som del av noko større. Fleire stader vert Ivar Aasen-modellen brukt, mellom anna i Afrika,» fortel ho, og legg vekt på kor viktig det er å læra av kvarandre.
Men ho skal ikkje berre sitja inne og dikutera internasjonal politikk. Ho gottar seg òg ved tanken på bading og leik, og ho vonar vêret held til massiv soling og iseting heile veka... Flørta skal ho òg, dersom ho finn nokon å flørta med, og kan henda finn ho den store kjærleiken på årets sumarleir. Mildred Marita kan fortelja at ho alltid er på leiting!