Pressemelding frå Norsk Målungdom, 26.03.08
Norsk Målungdom skipar til sitt 48. landsmøte på Voss i Hordaland helga 28.-30. mars.
– Organisasjonen kan sjå attende på eit godt år, med tusenvis av elevar i læremiddelstreik, historisk sidemålssiger i Oslo bystyre, og medlemsvokster, seier Jens Kihl, leiar i NMU. No samlar utsendingar frå heile landet seg for å førebu året som kjem.
I framlegget til nytt arbeidsprogram står innvandring og mangfald øvst på lista over politiske prioriteringar. Målungdomsleiaren gler seg til å pløya ny mark i målrørsla.
–For fyrste gong vert dette emnet hovudprioritet i ein målorganisasjon, og det er på høg tid. På endå eit felt ser me at bokmålet demonsterer sin posisjon som maktspråk, og det må me gjera noko med, held Jens Kihl fram. Han er òg særs nøgd med landsmøtetalaren.
–Landsmøtetalaren er i år fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV). Ho har frå fyrste dag i regjering har markert seg som ein viktig pådrivar for nynorsken. Grande Røys kan syna til fleire konkrete resultat, til dømes at innbyggjarportalen miside.no kom på nynorsk, seier Kihl.
I året som gjekk har Jens Kihl frå Oslo vore leiar, og han stiller til attval for eitt år til. Maria Svendsen frå Oslo stiller til val som politisk nestleiar, medan Ulrikke Sægrov frå Stavanger i Rogaland stiller til attval som organisatorisk nestleiar. Janne-Kristin Nygård frå Jølster i Sogn og Fjordane er innstilt som ny dagleg leiar.
Heile landsmøtet er normalt ope for pressa.
For meir informasjon om landsmøtet, kontakt:
Vebjørn Sture, presseandsvarleg: 92 41 65 27
Jens Kihl, leiar: 99 23 14 90
Frå og med torsdag 27. mars kjem det ikkje til å vera folk på Skrivarstova. For å få tak i oss kan du nytta kontaktinformasjonen over.