NMU sitt landsmøte på Voss 28.-30. mars 2008

Velkomen til landsmøte

Velkomen til landsmøte på Voss helga 28.-30. mars! Her skal me peika ut den politiske kursen til NMU for året som kjem, og taka opp viktige saker i organisasjonen. Me skal sjølvsagt òg ha det kjekt saman. Landsmøtet er det høgste organet i NMU, so dette er staden for deg som har tankar om korleis organisasjonen vår skal vera.

På landsmøtet skal me mellom anna taka opp arbeidsprogram, årsmelding, budsjett og rekneskap. Me skal òg velja nytt sentralstyre og landsstyre. Landsmøtetalar vert fornyingsminister Heidi Grande Røys. Som alltid vert det landsmøtefest laurdag kveld.

For å kunna melda seg på landsmøtet, må ein anten verta valt som utsending frå eit lokallag, eller ein kan koma som observatør. Tak kontakt med lokallaget ditt eller skrivarstova om du vil verta utsending på landsmøtet. Kven som helst kan melda seg på som observarør.

Vel møtt på Voss!

Helsing Maria Svendsen, landsmøtesjef, og Jens Kihl, leiar