NMU sitt landsmøte på Voss 28.-30. mars 2008

Velkomen til Voss!

Voss kommune er mellom dei største nynorskkommunane i landet, og har i alle år vore eit kraftsentrum for målrørsla. Landsgymnaset på Voss opna i 1916, og var ein viktig skule for ungdom frå bygda som ville ta høgare utdanning. Norsk Målungdom har hatt lokallag på Voss stort sett heile tida sidan, i alle fall i nyare tid.

I 1963 kom Donald-historia Eggemysteriet ut, og skapte ein stor debatt grunna bruken av nynorsk. Det var innbyggjarane i Firkantdalen som mange år tidlegare hadde hatt professor Tron Dreyerdal frå Vossevangen på vitjing. Mellom anna hadde han lært dei songen På Vossevangen der vil eg bu, som blei skriven på dansk av Carsten Hauch og omsett til nynorsk av Hulda Garborg:

På Vossevangen der vil eg bu,
der veks det kløver på heia;
der gjeng kvar ungkar med blanke skor,
og sylvknapp hev han i trøya;
der dansar gjenta med band i hår,
og fletton` radt nedpå marki når, -
ja tru du meg, eg segjer deg:
Der er det fagert å leva.

Og der veks hassel og bjørk og eik,
og der veks blåbær i lia;
der kliver geiti i urd og kneik,
og elvi fossar ved sida;
på marki vekser den grøne lauk,
i skogen gjeler den ville gauk;
ja trur du meg, eg segjer deg:
Der er det fagert å leva.

Der stend ei selje i dalen trong,
der bur ei hulder attum steinar.
Der feller tidi meg aldri long,
um enn eg sit der åleina;
for marki angar av blom og lyng,
og elvi susar, og huldri syng;
ja trur du meg, eg segjer deg:
Der er det fagert å leva.

Mellom dei mest kjende nynorskingane frå Voss er kulekøyraren Kari Traa, diktaren Per Sivle, forretningsmannen Arne Hjeltnes, journalisten Ingvild Bryn, langrennaren Kristen Skjeldal og hopparen Lars Bystøl.