Velkomen til landsmøte
Velkomen til landsmøte i Stavanger helga 27.-29. mars! Her skal me peika ut den politiske kursen til NMU for året som kjem, og taka opp viktige saker i organisasjonen. Me skal sjølvsagt òg ha det kjekt saman. Landsmøtet er det høgste organet i NMU, so dette er staden for deg som har tankar om korleis organisasjonen vår skal vera.
På landsmøtet skal me mellom anna taka opp arbeidsprogram, årsmelding, budsjett og rekneskap. I år skal vi vedta eit nytt program, Noreg som eit fleirkulturelt samfunn. Me skal òg velja nytt sentralstyre og landsstyre. Landsmøtetalar vert Stephen Walton, professor i nynorsk skriftkultur. Som alltid vert det landsmøtefest laurdag kveld, og vi skal ha dialektaksjon i Stavanger sentrum.
For å kunna melda seg på landsmøtet, må ein anten verta valt som utsending frå eit lokallag, eller ein kan koma som observatør. Tak kontakt med lokallaget ditt eller skrivarstova om du vil verta utsending på landsmøtet. Kven som helst kan melda seg på som observarør.
Vel møtt i Stavanger!
Helsing Janne Nygård, landsmøtesjef