NMU sitt landsmøte i Ørsta 19.-21. mars 2010

Utsendingar

Kvart lokallag har rett til å senda to eller fleire utsendingar til landsmøtet. Utsendingsretten vert rekna ut frå medlemstalet i laget. Talet på medlemer vert rekna ut frå medlemstalet 31.12.2009 i tillegg til nye medlemer i 2010 som har svara medlemspengar. Det tyder at eit lag kan auka utsendingsretten sin ved å verva fleire nye medlemer og få dei til å svara pengar før årsmøtet til laget. Skrivarstova har opplysningar om medlemstal om de er usikre sjølve.

Lokallag har òg høve til å senda observatørar til landsmøtet. Alle utsendingar frå lokallaga skal veljast på årsmøte eller medlemsmøte.

Utsendingsrett for dei einskilde laga er som fylgjer:

MedlemerUtsendingar
5–102
11–253
26–404
41–605
61–906
91–1507
151+8

Utsendingane har røysterett når dei har svara medlemspengar, det er betalt landsmøtepengar for utsendingen og laget har sendt inn årsmelding for 2009. Landsmøtepengane er 500 kroner i 2010.