Program for lokallagskurs 2006
FREDAG
- Sosialt program for dei som er komne
LAURDAG 26. august
- 10.00-12.00 Fellespunkt: Å driva eit godt lokallag
-
- Kva er rolla til styremedlemene?
Jens Morten Nilsen er leiar i Studentmållaget i Nidaros, og har røynsle
frå to år i landsstyret. Han veit kva som skal til for at eit styre skal fungera!
- Kva kan laget gjera?
Vebjørn Sture er leiar i tilskiparlaget Målsiddisane, som vann
prisen for Årets lokallag 2005. Lir laget ditt av idétørke, eller treng tips
til kule aksjonsformer, er Vebjørn den rette å spørja!
- 12.00-13.00 Mat
-
- 13.00-15.00 Parallelle kurs
-
- Medietrening
Å skaffa spalteplass til seg sjølv og laget sitt er slett
ikkje vanskeleg. Og ein får mykje att for det! Dette er kurset
for deg som er usikker i møte med media, eller som vil ha tips til
korleis ein frontar sakene best mogleg. Eit særleg nyttig kurs for
deg som er leiar eller nestleiar.
- Maktkamp: Korleis skaffa seg reell påverknad
Lurer du på korleis du får sakene dine gjennom? Kva metodar
som unge aktivistar kan bruka for å få det som dei vil? Det finst
nemleg mange ulike strategiar for ulike målgrupper.
- Slik held du nynorskkurs 1
Å halda nynorskkurs er populært mellom lokallaga. Her lærer
du korleis du kan halda ditt eige kurs, utan å henta hjelp utanfrå.
Kurset går over båe dagane.
- 15.00-15.30 Pause
- 15.30 Parallelle studiepunkt
- Kva byggjer arbeidet vårt på?
NMU meiner mykje om mangt: EU, morsmålsopplæring, bibliotek. Kvifor? Kva står det eigentleg i tufta?
- Knus sidemålsmotstanden!
Lei av at klassekameratar og lærarar er negative til sidemål? Her lærer du korleis du vinn sidemålsordskiftet!
- Middag og sosialt samvere
Underhaldning og mykje moro
SUNDAG 27. august
- 10.00-11.30 Parallelle kurs
- Slik vert du ein supervervar!
Verving til NMU er noko av det viktigaste ein kan gjera. På dette kurset får du gode tips og råd til korleis ein går fram.
- Økonomi
Føra rekneskap, laga budsjett, skaffa pengar til laget – her får du svar på det du lurer på. Dette kurset passar særleg godt for deg som er økonomiandsvarleg eller skrivar
- Slik held du nynorskkurs 2
- 11.30-12.30 Mat
- 12.30-14.00 Haustkampanjen: Haldningar
- Haustkampanjen til målungdomen handlar om å snu dei negative haldningane til
nynorsk. Under dette punktet får du som lokallagsaktivist vera med på å utforma
kampanjen slik du vil han skal vera. Her får du bruka fantasien og alt du har lært i helga!
Praktisk informasjon
Tid: 26.-27. august (høve til å koma om fredagen)
Stad: Stavanger
Pris: Gratis (deltakarane dekkjer reisa sjølve)
Ta med: Skrivesaker, sovepose/liggjeunderlag og varme klede
Påmelding: Skjemaet under, eller på telefon 23 00 29 40