1. Kvifor skal du på Målstrid 2006?
2. Kva gler du deg mest til?
3. Kven bør koma på konferansen?
Kjersti Lunnan (18), flymotormekanikar- lærling på Sola flyplass
1. Av di det verkar kjempegøy, koseleg og lærerikt.
2. Ordskiftet om kvifor sidemålet syg, og seminaret «Dialekten din er dritstøgg!».
3. Alle!
Odin Hørthe (19), fyrsteårs informatikkstudent på Universitetet i Oslo
1. Det er sosialt, ein har det kjekt og vert kjend med mange nye folk.
2. Nynorskkurset til Ingar Arnøy. Eg har vore på det to gonger før, men det er so ekstremt bra!
3. Folk som vil ha ei kjekk helg, og som vil forstå kvifor NMU driv med målarbeid.
Maria Svendsen (18), elev ved Oslo katedralskole
1. Av di det er lærerikt, og det er kjekt med debatten som oppstår når ulike syn møtest.
2. Ordskifta, og til punktet om nynorsk og innvandrarar. «Dialekten din er dritstøgg!» verkar òg spennande!
3. Alle som har noko å seia om språk og som er engasjerte, anten dei er for nynorsk eller mot, eller berre er interesserte i å vita meir.
Vebjørn Sture (18), leiar i Målsiddisane
1. Av di det er grisekult, særleg om ein ikkje har vore på noka tilskiping i NMU før!
2. «Kvifor syg sidemålet?», debattar er alltid bra.
3. Alle som ikkje er keisame, firkanta, grå, triste menneske utan noko liv.
27.-29. oktober skipar Norsk Målungdom til Målstrid 2006 i Oslo. Her møtest innbitt likesæle nynorskbrukarar, sidemålshatande bokmålingar og stridslystne målungdomar for å stilla dei viktige spørsmåla: Kvifor syg sidemålet? Kva er eigentleg sanninga om nynorsk og bokmål? Kvifor er nokre dialektar dritstøgge? Snakkar me framleis norsk om hundre år?
Førebels ser programmet slik ut:
18.00 Opning
18.30 Kva er målstrid i dag?
Er den norske målstriden daud, medan Norsk Målungdom freistar å halda han kunstig i live? Eller finst det verkelege konfliktar mellom nynorsk og bokmål? Kva går dei i so fall ut på?
19.30 Dialekt og identitet
Det å snakka dialekt er viktig for mange. Men kvifor det? Kva har dialekt, heimstad og identitet med kvarandre å gjera?
Vel mellom:
21.00 Kveldsmat og verta kjende-leikar.
10.00 Nynorsk og bokmål: Den usensurerte sanninga
Handlar språkhistoria berre om rettskrivingsendringar, eller ligg det større hendingar bak? Målungdomane Jens Kihl og Kjersti Lunnan ser på opphavet til skriftspråka våre, og utfordrar vanlege oppfatningar samstundes.
11.15 Pause
11.30 Nynorsk som hovudmål og sidemål – kva er skilnaden?
Det er retta mykje fokus mot bokmålselevar som slit med sidemålet. Men kva med dei som har nynorsk som hovudmål? Kva har det å seia at bokmålet dominerer i media og samfunnet elles? Ved Arild Torvund Olsen frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret).
12.30 Matpause
14.30 Kvifor syg sidemålet?
Er sidemålet alltid eit ork? Kva kan grunnen vera til at mange er misnøgde med sidemålsundervisinga, og kva kan gjerast for at ho skal verta betre?
I panelet:
15.30 Pause med frukt
15.45 Kurs
Vel mellom:
18.00 Pause
19.30 Middag
Bokkafé: Ringdrotten
Visste du at The Lord of the Rings kjem ut på nynorsk denne hausten? Eilev Groven Myhren les høgt frå boka, og fortel korleis han har gått fram for å omsetja J.R.R. Tolkien sitt meisterverk til norsk. Eit must for fantasyfans!
10.30 Den mangfaldige målstriden
Vel mellom:
12.00 Pause
12.15 Norsk språk i framtida
Mange spår, men ingen veit. Likevel må ein stilla spørsmåla: Har me nynorsk om 100 år, eller skriv alle bokmål? Eller kanskje engelsk? Eller noko heilt anna? Ved Arne Torp, fyrsteamanuensis i språk ved Universitetet i Oslo, og Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom.
14.00 Avslutning