Dersom du er vegetarianar, har allergi, eller liknande, er det fint om du seier i frå om dette når du melder deg på. Viss du alt har meldt deg på, so fortvil ikkje, då kan du senda ein e-post til skriv@nynorsk.no eller ringja Norsk Målungdom på telefon 23 00 29 40.
Målstridkonferansen vert helga 27.-29. oktober, på Stasjonsfjellet skole i Oslo. Deltakarpengane er på 450 kroner, og dekkjer mat, kurs og opphald. Pengane dekkjer diverre ikkje reise, men mange elevråd plar dekkja både reise og deltakarpengar. Viss ikkje det går, kan det henda at det er eit lokallag der du bur som kan dekkja heile eller delar av kostnadene for deg. Om du treng hjelp til å finna ut kvar du kan få dekt konferansen kan du ta kontakt med Norsk Målungdom. Send ein e-post til skriv@nynorsk.no eller ring 23 00 29 40.