Kom på mangfaldsseminar!

Kom på mangfaldsseminar!

Kva er mangfald? Er mangfald bra?

Er bokmålet ein del av det verdfulle språkmangfaldet, eller kan vi hive det på dynga utan å tape noko? Korleis kan vi leggje til rette for at innvandrarar ikkje skal bli språkleg diskriminerte? Korleis kan vi argumentere for verdien av eit norsk språk i ei verd der grensene mellom statane er i ferd med å bli viska ut? Og korleis står det eigentleg til med språkmangfaldet i verda – og kva kan vi gjere for å redde det?

Dette er nokre av spørsmåla vi vil ta opp på haustkonferansen i Bergen. Bli med og diskutér med oss! For 450 kroner får du ei spanande helg, heile vegen omgjeven av den gode målungdomsstemninga. Meir informasjon kjem.

Velkomen!

Praktisk informasjon

Tid: 10.-12. oktober
Stad: St. Paul skule i Bergen
Pris: 450kr, reisa kjem i tillegg