Kom på mangfaldsseminar!

Førebels program for mangfaldsseminaret 10.-12. oktober

Fredag 10. oktober: Kva er mangfald?

18.00: Velkomen
Avspark for dialektkampanjen

18.45: Fellesinnleiing: Er det plass til to mindretal i eit land?
Om innvandrar- og målinteresser. Korleis kan nytt og gamalt mangfald leve godt ved sida av kvarandre?
Gaute Losnegård, forfattar frå Askvoll.

20.00: Kveldsmat

Kviss- og te-salong med skrivarstova

Laurdag: Mangfald i verda

10.00: Fellespunkt: Frå Kviterussland til Svartehavet: Kva skjer i Aust-Europa?
Kviterussland og Ukraina er båe land med ein språkstrid ikkje ulik den norske. Vi får lære meir om korleis språkmangfaldet ser ut gjennom augo til ein kviterussisk student. Og kva kan vi i Noreg gjere?

11.30: Pause

12.00: Parallelle seminar:
- Demokratiet er fleirspråkleg!
Heidi Biseth, doktorgradsstipendiat, HiO
- Katalonia – eit spåkleg Nirvana?

Johannes Nymark, Noregs Handelshøgskule Kva kan målrørsla lære av Katalonia? Eller kanskje vi gjer best i å gå vår eigen veg?

13.30: Dikting og dagverd

14.30: Paneldebatt: Språkmangfald for framtida
Kva må til for å sikre språkmangfaldet her i Noreg og ute i verda? Vi utfordrar politikarar, akademikarar og andre synsarar til å kome med klåre svar.

16.00: Pause med frukt og snask

16:30: Morsmålsdemonstrasjon
Vi samlar folk frå mange ulike miljø i Bergen til demonstrasjon for morsmålsopplæring.

19.30: Middag
Utdeling av dialektprisen
Karaoke!

Sundag: Mangfald i Noreg

09.30: Frukost

10.30: Parallelle punkt:
- Dialektane – det norske språkmangfaldet.
Denne hausten skal NMU ha ein stor dialektkampanje. Men korleis står det eigentleg til med dialektmangfaldet i Noreg? Og kva må gjerast for å ta vare på det?
Dialektkampanjenemnda
Inn i EU for å sikre språkmangfaldet!
Tek NMU feil? Er det i røynda slik at det er EU som tek vare på språka i Europa?

12.00: Pause med frukt og kjeks

12.30: Mangfald er meir enn mangfaldsåret!
Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom

14.00: Avslutning