Program for Norskfagskonferansen 4.–6. november
Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen
FREDAG
17.00 Oppmøte på Trafikanten
18.00–19.00 Intro
- Opningsfilm
- Opning ved Synnøve Midtbø Myking, leiar i NMU og Halvard Hølleland, leiar i EO
- Helsing frå høgare makter, helst kunnskapsminister Øystein Djupedal
19.00–21.00 Språkstoda i Noreg – utfordringar i norskfaget
- Kvifor har me to skriftsspråk i Noreg? Ei reise gjennom målsoga av Vegard T. Foseide, NMU
- ”Ikkje meir sidemål?”: Utfordringane tospråksstoda medfører, sett frå Unge Høgre si side, ved leiar Torbjørn Røe Isaksen.
- Innvandrarperspektiv: morsmålsopplæring, sidemål, norsk som andrespråk ved Reza Rezaee, bystyrerepresentant for SV i Oslo
21.00–21.45 Kveldsmat
22.00–24.00 Friviljug aktivitet
- Kafé
- Leik i gymsal ved Mari Lund Arnem, landsstyremedlem i Norsk Målungdom
LAURDAG
08.00–09.00 Frukost
09.00–10.00 Dei nye læreplanane – orientering om kva som er nytt ved Kjell Ivar Dversnes, utdanningsrådgjevar hjå Fylkesmannen i Vest-Agder.
Innleiing og ordskifte
10.05–12.00 Kurs/verkstader (gruppevis)
- Fyrstehjelpskurs
- Teiknspråkkurs ved Silje Seltveit Osdal, døvetolkstudent ved Høgskulen i Bergen
- Nynorskkurs ved Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag
- Godt språk – skrivetips ved Per Egil Hegge, kommentator og kjend språkvitar i Aftenposten
12.00–14.00 Mat og pause
14.00–15.30 Gruppevise innleiingar
- Er alt me les i lærebøkene sant? ved Ola Haugen Havrevoll, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
- Elevtilpassing og elevmedråding i norskfaget, ved Eivind Freng Dale og Øystein Fjæra, sentralstyremedlemmer i Elevorganisasjonen
- Litterær kanon i norskfaget, ved Martin Vonstad Østerdal, sentralstyremedlem og Magnus Nystrand, tidligare sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen
- Kva har dei nye læreplanane å seia for nynorsken sin plass i skulen? ved Morten Elster, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
- Vurderingsformer i norsk, ved Elevorganisasjonen
15.30–16.00 Frukt og kaffi
16.00–17.00 Spørjerunde: Still politikarane og byråkratane til veggs!
19.00–seint Festmiddag
- Komikaren ”Tasle” tullar
- Quiz
- Lotteri
SUNDAG
09.00–10.00 Frukost
10.00–11.30 Tospråksopplæring i Finland
ved Sjur Moshagen, språkteknolog, arbeider no for Sametinget Noreg i Finland
11.30–12.00 Pause
12.00–13.30 Panelordskifte – Korleis vil me at norskfaget skal vera?
I panelet: Silje Solstad, politisk nestleiar i Elevorganisasjonen, Synnøve Midtbø
Myking, leiar i Norsk Målungdom, Helene Zakariassen Skulstad, sentralstyremedlem i
Unge Venstre, Arbeidarenes Ungdomsfylking og Torunn Smedal, bystyresekretær frå Unge Høgre.
13.30–14.00 Avslutning
ved Margit Ims, nestleiar i Norsk Målungdom
Mat, pakking og farvel