Ideologiseminaret

NMU si hausttilskiping 26-28. oktober 2007

Kva er ideologiseminaret?

Er nynorsk betre enn bokmål? Kva er målet med målstriden? Skal nynorsk verta einaste rikmål, eller held det å tryggja nynorsken der han står sterkt frå før? Kva har målsaka med internasjonale spørsmål å gjera? Kvifor er NMU mot EU? Og kva handlar eigentleg nasjonal sjølvråderett om?

Dette er eit knippe av spørsmåla som me skal finna svar på under Ideologiseminaret i Oslo 26.-28. oktober. Der møtest målungdomar frå heile landet for å høyra på lærerike innleiingar, gå på artige verkstader og taka del i brennheite ordskifte om kva tankar og idear som ligg til grunn for målsaka. Ver med du òg!

Me har òg laga ein plakat som du kan skriva ut og hengja opp over alt. Jo fleire det kjem frå ditt område, jo kulare.