Hausten 2003 var det Studentmållaget i Oslo som var tilskiparar for studentsamlinga åt NMU. Eitt av punkta på programmet var eit skjenkestoveordskifte med tittelen "Kulturell einsretting i Akersgata?". I denne kommentaren av Lars Rottem Krangnes kan du lesa litt om kva som hende der.

Ingen på glid i Akersgata

Er Akersgata eit glidemiddel for sentraliseringa? Det var spørsmålet tidsskriftet Mål og Makt stilte i eit skjenkjestoveordskifte på Bislett i oktober. Heller fåe endra meining eller vart klokare av ordskiftet. Men Klassekampens Aslak Nore fekk i allefall syn for segn.

Tidskriftet åt Studentmållaget i Oslo, Mål og Makt, havde bede inn fire bladfolk med meiningar om det meste til å ordskiftast for å innleia studentsamlinga i Norsk Målungdom. Sjølv med ein røynd ordstyrar som skriftets eiga Ragnhild Bjørge var det vanskeleg å halda styr på Andreas Hompland (Dagbladet), Gudrun Kløve Juuhl (Mål og Makt), Aslak Nore (Klassekampen) og Marit Eikemo (Syn og Segn/Bergens Tidende). Nore vart endåtil så ivrig at han ikkje makta å halda styr på armane sine, og veiva ned eit fullt glas i fanget på skriftstyraren i Syn og Segn. Heldigvis var ordskiftet meir fargerikt at det var dette folk snakka om etterpå, sjølv om ingen kring bordet likte metaforen "glidemiddel" i denne samanhengen. Det var vel omtrent det einaste dei var samde om.

EI NYNORSK AVDELING AV KAFFI LATTÉ-RØYNDA?
Skildrar hovudstadspressa Oslo-røynda som betre og meir spanande enn ho eigenleg er? (– Ja, meinte SmiN-leiar Arild Torvund Olsen). Og teiknar ho opp eit slags perfekt levesett, på bokmål, med stikkorda Grünerløkka, kaffi latté, radikale kulturdiskusjonar og ei armlengds avstand til "alt og alle"? Det fremste dømet var at ein ugift mann på 30 er ein blodharry ungkar og mest ei fare for ungjentene i distriktet om han bur på Løten, medan han er ein singel, hipp, trendy og kul om han bur på Grünerløkka. Er dette biletet av korleis røynda er på Løten og på Grünerløkka, og kva som er "riktig", ei medverkande årsak til sentraliseringa av folk - og makt? Både Eikemo og Juuhl gjekk langt på veg med på dette, og meinte at "den urbane mellomklassa" si oppfatning av verda og kva som var hipt og kva som var harry skin igjennom i Akersgata sin presentasjon av Oslo - og av utkantane. Juuhl gjekk lengst i å meina at dette var ei av årsakene bak flyttestraumen. Aslak Nore verka fyrst å definera seg inn i ein slags mellomposisjon, som tilhengjar av nynorsk i riksavisene, men kritikar av målrørsla som "herleggjerar av bygda", og av rørsla sine talsmenn og -kvinner i Oslo for sjølve å vera ein del av "kaffi latté-røynda". Såleis, meinte Nore, representerer dei ikkje folk i distrikta. Dagbladets Hompland kom her inn i ordskiftet som den einaste som ikkje såg nokon grunn til at alle kunne skriva det språket dei ynskte i avisene. Og slik byglja ordskiftet, utan eigentleg å halda seg til den raude tråden – om Oslo si skildring av Oslo og av utkant-Noreg svarar til røynda, og om det er gjennom farga brilleglas ho vert skildra.

MÅLRØRSLA DØMD NORE OG NED
Nore lydde ikkje då Kløve Juuhl og Eikemo framheldt at ein slett ikkje automatisk godtok det urbane mellomsjiktet sitt bilete av hipt/harry. Til og med i ein kronikk i Klassekampen i ettertid mæler han opp att dette. Det er i det heile interessant at Aslak Nore veit betre enn målrørsla kva ho meiner og kva retorikk ho nyttar. Her er han i godt selskap med Høgres Ine Marie Eriksen ein annan stad i Motmæle. Felles for desse er at dei tek sine synspunkt for gjevne, og alle andre er gamaldagse og utan vilje til nytenkjing. I røynda hev korkje Nore eller Høgre sett seg inn i kva som skjer i mål- og motkulturrørsla, og kva argument som ligg bak haldningar og politikk. I andre samanhengar talar den urbane mellomklassa om at talsmenn og -kvinner for bygde-Noreg syt over mangel på pengar og tilbod. Var det ikkje vi som dreiv herleggjering? Marit Eikemo meinte å sjå mangel på respekt for Noreg utanfor ring 2 i Akersgata og "den urbane mellomklassa" i Oslo. Eitt av døma hennar var at Dagblad-spaltist Shabana Rehman kunne nytta same vitsane i Bergen eit halvt år etter at dei var nytta i Oslo eller havde vore på prent. Eikemo spurde retorisk om Rehman trudde bergensarane låg eit halvt år etter Oslo. Eg trur Marit Eikemo hev rett når ho seier at oslo-media i større grad må høva seg åt at det faktisk bur folk i heile landet. Det skjer meir i distrikta enn det kan sjå ut til i riksavisene. På nyhendefronten, og ikkje minst på kulturfronten. Tyder riksaviser at ein skal halda seg til det som skjer i rikshovudstaden?

NYNORSK ER BYNORSK!
Nynorsken, eller snarare mangelen på nynorsk i riksavisene, var eit sidespor i ordskiftet, men likevel er han ein del av det heilskapelege biletet. Andreas Hompland, vaklande nynorskbrukar i Dagbladet, sender farlege signal når han i ordskiftet seier at det er "naturleg" å nytta nynorsk i somme høve, men ikkje i andre. Dette marginaliserer nynorsken til noko privat og i somme samanhengar verdlaust. Nynorsken er fullt dugande også som mediespråk! Mange i Akersgata hev nok problem med å sjå dette, men mest avgjerande trur eg det er at språket vert sett på som ein representant for motkulturane, for norskdom, tradisjonar, bygdekultur, antikommersialisme og ikkje minst EU-motstand. Det er meir dette konglomeratet den urbanistisk-liberalistiske leiinga i Akersgata ikkje vil sleppa til, enn nynorsken som språk. Den gamle kjempa Ottar Brox, tidlegare stortingsmann, men meir kjend som professor, fekk ordet frå salen tidleg i ordskiftet. Han ynskte seg meir nynorsk og fleire folk frå distrikta inn i avisspaltene. Han meinte likevel at ein stendig treng nye folk og "nytt påfyll" frå distrikts-Noreg til bladstovene i byane, slik at det heile tida finst folk som kjenner røynda i andre delar av landet og kan skildra henne slik ho verkeleg er. Dette er nok rett. Ein vil ikkje ein gong for alle få "røyster frå heile landet" inn i oslo-aviser, sjølv om ein tilsetjer bladfolk med bakgrunn frå heile landet, og som (for den delen) kan skriva det språket dei sjølve vil. Deskane i storavisene må i langt større grad sjå nyhendeverdet i sakene frå distriktskontora. EU-tilhengjarane i den urbane mellomklassa nyttar ofte at "verda er meir enn Noreg" som ja-argument. Kva om den same urbane mellomklassa, som dominerer i Akersgata, kunne sjå etter om Noreg er meir enn Oslo?

Lars Rottem Krangnes