Av Astrid
Sverresdotter Dypvik![]()
Færøyane
vart busett av norske vikingar på 800-talet. Innbyggjarane grunnla ein
fristat, der det høgste politiske organet var Lagtinget på Tinganes i
Tórshavn. Landet vart norsk skatteområde kring år 1035. I 1298 fekk
færingane si eiga lov, Seyðabrævið. Lova gjorde at Lagtinget fekk meir
makt, og vart politisk, lovgjevande og dømmande styresmakt. I 1380
fylgde Færøyane med Noreg inn under den danske krona.
Den fyrste opprøraren
Etter reformasjonen overtok den danske krona helvta av jorda på
Færøyane. Jorda vart leigd ut til nokre få kongsbønder, som igjen
leigde inn lokal arbeidskraft. Dette førte til mykje fattigdom. Folk
levde stort sett av jordbruk, sauehald og fuglefangst. Fisket vart
ikkje ein vesentleg del av den færøyske økonomien før utpå
1800-talet. Fram på 1800-talet var handelen på øyane regulert av eit
statleg handelsmonopol. Nólsoyar Páll (1766 -1808) er ein av dei
tidlegaste nasjonalheltane på Færøyane. Han var opprørar, diktar og
sjømann, og kjempa mot det danske handelsmonopolet som han motarbeidde
aktivt med sitt eige skip "Nordstjerna". Han arbeidde ogso for å få
færingane til å satsa meir på fiske. Eit av dei mest kjende dikta til
Nólsoyar Páll er "Fuglekvadet", eit kvad på 229 strofer som går til
åtak på dei danske styringsherrane. I kvadet samanliknar han danskane
med rovfuglar, og færingane med tjelden. I dag er tjelden den færøyske
nasjonalfuglen.
Den tidlege sjølvstenderørsla
Ein av dei aller viktigaste sjølvstyrekjemparane er Jóannes
Patursson. Han var med på å grunnleggja Føringafelag (Færøylaget) i
1889. Målet til laget var å fremja det færøyske målet, og å arbeida
for færøysk nasjonal byrgskap. I 1901 vart han vald inn på Lagtinget,
og i 1906 klarte han å få danskane med på ein avtale som skulle gje
Færøyane sjølvstyre på fleire område. Avtala skapte stor politisk uro
og splitting, av di mange frykta at ho ville føra til høgare
skattar. Denne konflikten førte til skipinga av dei to fyrste
politiske partia på Færøyane; Sambandsflokkin, som ynskja tette band
til Danmark (skipa i 1906), og Sjálvstýrisflokkin, som ynskte
sjølvstende (skipa i 1909). Patursson vart vald til den fyrste
formannen i sjølvstendepartiet.
Folkerøysting og nyval
Under 2. verdskrigen vart Færøyane hertekne av Storbritannia, medan
Danmark vart okkupert av tyskarane. Det var under krigen at det
færøyske flagget kom i bruk, av di britane ville sjå skilnad på ven og
fiende på havet. Difor fekk ikkje færøyske skip lov til å nytta det
danske flagget slik dei hadde gjort før. Etter krigen såg mykje
annleis ut både på Færøyane og i Danmark. Åra utan dansk styre hadde
gjeve færingane tru på at dei kunne styra seg sjølve. Difor var det
lita interesse for å gå attende til ei styreform der færingane måtte
få godkjent alle politiske vedtak i Danmark og fylgja dansk politikk.
Ved ei folkerøysting i 1946 gjekk fleirtalet av færingane inn for
sjølvstende. Det danske Folketinget godkjende ikkje resultatet, det
sendte Lagtingsrepresentantane heim og skreiv ut nyval. Denne gongen
vann sambandspartia valet, og færingane fekk frå 1948 ei lov om
heimestyre. Denne lova gjev færingane sjølvstyre på nokre
samfunnsområde, medan dei til dømes deler valuta og forsvar med
Danmark. I tillegg får Færøyane ein milliard kroner i overføringar frå
den danske staten kvart år.
Ja, dei pengane...
På åtti-talet gjekk Færøyane inn i ei djup økonomisk krise. Landet
hadde lånt store summar utanlands, og den største færøyske banken,
Sjóvinnubankin, gjekk konkurs. I tillegg var det dårlege tider for
fiskerinæringa, på grunn av overfiske. Betre vart det ikkje av at Den
Danske Bank og den danske regjeringa fekk det færøyske Landsstyret til
å overta administrasjonen av den kriseramma banken Føroya Banki. Denne
overtakinga har vorte mykje omstridd i ettertid, av di det synte seg
at danske styresmakter medvite hadde ført det færøyske landsstyret bak
lyset, og ikkje informert dei om stoda for banken før overtakinga.
Landet vart sitjande med ei utanlandsgjeld på 800 000 per innbyggjar. I tillegg hadde mange familiar stor personleg gjeld. Arbeidsløysa var på 25% og meir enn 15% av innbyggjarane flytta frå landet. I dag er Færøyane komne ut or krisa, sjølv om dei framleis betaler attende på låna. Levestandarden på øyane er vel so høg som i Danmark, og folketalet er på veg oppover att.
Allianse for sjølvstende
Ein allianse for sjølvstende vann valet i 1998, og har drive
forhandlingar med Danmark om lausriving sidan då. Målet til alliansen
var å gjennomføra ei folkerøysting om sjølvstende 26. mai i år. Det
spørsmålet som har fått mest merksemd i forhandlingane er nedtrapping
av økonomiske overføringar frå Danmark. Landsstyret har bede om ei
gradvis nedtrapping over 8-12 år, medan den danske regjeringa har
nekta å strekka det lenger enn 4 år.
Frå landsstyret si side har den lange nedtrappingstida vore viktig for å kunna gje økonomisk tryggleik, og rikeleg med tid til å byggja opp ein sjølvstendig økonomi. Denne sida av sjølvstendesaka har hatt høg prioritet frå landsstyret av di mange færingar har krisa på åtti-talet friskt i minne, og fryktar nye nedgangstider. I februar avlyste lagmannen Anfinn Kallsberg folkerøystinga, av di han meinte resultata frå forhandlingane med Danmark var for dårlege.
Radarparet Kallsberg og Hoydal
Lagmann Kallsberg, sjølvstendeminister Hoydal og
sjølvstyrealliansen går inn i sin siste periode på lagtinget no. Før
30. april neste år skal det haldast eit nytt lagtingsval. Då lagmannen
opna tinget på nasjonaldagen olai (olsok) den 29. juli, sa han at han
rekna med at det ville verta ein hard haust ettersom danskane var so
lite viljuge til å samarbeida. Sjølvstendealliansen møter med ein ny
taktikk, og friskt mot! I sumar vart det sett i gang leiteboring etter
olje på den færøyske sokkelen. Finn dei olje, vil den økonomiske sida
av sjølvstendesaka lett la seg ordna. Lagmannen har ogso sendt brev
til den danske statsministeren der han bed om at blokktilskotet vert
trappa ned med ein tredel alt frå neste år. Målet no er å gjera landet
økonomisk uavhengig av Danmark so snart som råd. Landsstyret ynskjer
ogso å ta over saksområde for saksområde fram til 2012, då dei
planlegg dei å gjennomføra ei endeleg røysting om sjølvstende.