Målungdomar i Vesterleid
70 norske
ungdomar, ei veke, ei lang båtferd, eit lite misjonshus, ein gamal
skule og ei lita færøysk bygd med berre 300 innbyggjarar. Kva hender
so? Her kan du lesa Gyro Knutsdotter
Homme si reiseskildring frå Norsk Målungdom sin sumarleir.
Fram for eit sjølvstendig Færøyane
Den største kampsaka på Færøyane i dag er kampen for sjølvstende
frå Danmark. Den færøyske regjeringa arbeider knallhardt for
sjølvstende, men til no har den danske regjeringa vore enno hardare i
tingingane. Færingane kom inn under dansk styre saman med Noreg på
1300-talet, og har altso framleis ikkje kome ut. Her finn du eit kort
oversyn over den færøyske sjølvstendekampen
Unga Tjoðveldið er det største ungdomspartiet på Færøyane. Sjølvstende for Færøyane er den viktigaste kampsaka deira. Her kan du lesa eit intrervu med to UT aktivistar.
Færøysk språk
Det færøyske språket står sterkt. Nett slik som islendingane har
dei ein sterk tradisjon for å laga eigne nye ord i staden for å ta inn
ord frå andre språk, landet har ein rik litteratur, og færingane
nyttar språket sitt i alle samanhengar. (Ogso i butikkar, reklame og i
popmusikken)
Meir om Færøyane?
Vil du vita meir om Færøyane, kan du melda deg inn i Norsk Færøysk
lag. Dette er ei foreining som er ein samlestad for færingar i Noreg
og normenn som er interesserte i Færøyane. Les meir her.