Æresborgar av Viðareiði

Christian Matras er ein av dei færingane som har gjort mest for færøysk språk og litteratur. Her i Noreg er han lite kjend, og me tok ein prat med Anne-Kari Skarðhamar, som har skrive doktorgradsavhandling om Matras.

Christian Matras vaks opp i Viðareiði, og vart æresborgar i bygda. Dei som var på sumarleiren, fekk høyra om språkmannen Jóhan Hendrik Winther Poulsen, som er ein av dei fremste, nolevande språkmennene på Færøyane. Winther Poulsen var elev hjå Christian Matras, som vart den fyrste professoren ved Universitetet i Tórshavn.

Nesten som Arne Garborg
Kven var Christian Matras?
- For å seia det kort var Matras språkforskar og forfattar. Han levde frå 1900 til 1988, og kom frå den vesle bygda Viðareiði, heilt nord på Viðoy. Matras vart professor i færøysk språk og litteratur ved Universitetet i København. Han vart seinare professor på det nyoppskipa Fróðskaparsetur Føroya, som er Universitetet i Tórshavn.

For Matras var det å skriva litteratur og det å røkta færøysk, to sider av same sak. Du kan vel nesten samanlikna han med Arne Garborg, som òg skreiv fantastiske verk, og arbeidde politisk for målet sitt, nynorsken, seier Skarðhamar.

Keltisk og færøysk
Kva har Matras hatt å seia for færøysk språk?
- Det Matras gjorde var rett og slett å gje færøysk ei vitamininnsprøyting. Han var sers oppteken av å nytta færøyske ord i staden for danske, og dreiv mykje med nylaging av ord, og å samla inn ord frå bygdemåla. Det er Matras og Winter Poulsen som har laga mange av dei orda som færingar nyttar no, til dømes flogbóltur i staden for volleyball.

Christian Matras er nok ein av dei som har gjort mest for å auka statusen til færøysk språk i nordisk samanheng, og har fått mange heidersprisar og utmerkingar, både internasjonalt og nasjonalt for arbeidet sitt. Han var oppteken av stoda for små språk, som er pressa av språk med fleire brukarar, som til dømes keltisk har vorte pressa av engelsk. Ja, apropos, keltisk: Matras forska mykje på stadnamn, og var sers oppteken av korleis keltisk hadde kome inn i færøysk. I ei rekkje færøyske stadnamn kan ein finna samanhengar attende til keltisk, og Matras meinte at Færøyane hadde vore bebudd av keltarar.

Frå Viðareiði til Tórshavn og til København
Me som var på sumarleiren til Norsk Målungdom, fekk oppleva Matras si heimbygd, Viðareiði. Korleis var det eigentleg for Matras å flytta frå Viðareiði?
- Matras måtte flytta frå heimbygda i ung alder for å gå på realskulen i Tórshavn. På den tida tok det nesten ei veke å koma seg frå Viðareiði til Tórshavn. For Matras var det å flytta til Tórshavn ei stor omvelting. Han kallar det for den største forandringa i livet sitt, og det har sett tydeleg preg på han, både som person og som diktar. Eg trur det er serleg to faktorar som gjer at dette var ein stor overgang, det eine er det språklege og det andre er naturen.

På den tida var dansk skulespråket på Færøyane, og færøysk vart jo ikkje skulespråk før i 1938. På skulen i Viðareiði fekk Christian Matras lesa Bibelsoga (Bíbliusøga) på færøysk, noko som gjorde sterkt inntrykk på han. Han skriv: "Det betagende kom ikke alene af bokens magtfulde innhold, for eksempel beretningen om Josef og hans brødre, en historie der kom mig nærmere, nu da jeg kunde læse den på færøysk, nej, det var også selve sproget, som bjergtog mig, dette sprog, som var mitt eget, og dog noget andet, noget fremmed, om man vil. Senere har jeg forstået, at det inspirerende ved denne vigtigste bog på min vej var just det sproglige nye, det ikke før hørte." Det var etter dette fyrste møtet med skriftleg færøysk at Matras bestemte seg for å arbeide for færøysk mål. Han via heile livet sitt til dette arbeidet, og hadde klåre meiningar om korleis språket skulle vera. Han meinte til dømes at det var viktig å ta i bruk ord frå dei forskjellige dialektane, og å finna samanhengar mellom norrønt og færøysk.

- Då Matras flytta til Tórshavn hadde han ein lærar på realskulen, Olaf Skaalum, som òg var redaktør i Dimmalætting, som har vore sambandspartiet si avis. (Sambandspartiet ynskjer tett samarbeid og kontakt med Danmark.) Skaalum kjempa for "Danskhedens Sag", og dette skapte konfliktar mellom han og nokre av elevane, mellom anna Matras, som hadde valt side i målstriden. Skaalum underviste i færøysk som valfag, men Christian Matras valde heller svensk, av di han meinte at han kunne færøysk betre enn læraren!

- Språkleg sett var òg kontrastane mellom Viðareiði og Tórshavn store. Det var mykje meir dansk oppblanda i talemålet i Tórshavn enn i resten av landet. Det kjem nok av at dei store handelsfamiliane og overklassen på Færøyane var busett i Tórshavn, og hadde tettare kontakt med danskar enn vanleg færingar.

- Etter at Matras var ferdig ved realskulen i Tórshavn, flytta han til København for å studera. Her studerte han nordisk filologi, og var seinare professor. I 1923 hadde han eit studieopphald i Oslo der han føreleste i færøysk. Når han var i Noreg, vart han kjend med norsk dikting, og serleg den nynorske diktinga. Matras var serskild begeistra over Olav Aukrust, men las òg Olav Duun, Arne Garborg, og ikkje minst Aslaug Vaa. Vaa og Matras hadde forresten ei intens brevveksling ei stund, der dei hadde planar om å omsetja verka til kvarandre til norsk og færøysk. Men det vart det ikkje noko av, Aslaug Vaa døydde jo så ung, seier Skarðhamar.

Naturskildringar
- Overgangen frå naturen i Viðareiði til Tórshavn er ein brå overgang frå Christian Matras. I Viðareiði er det ein røff og nærmast brutal natur, med dei høgste fjella på Færøyane som omkransar bygda. Tórshavn derimot ligg lunt til i ei vik, og sjølv om det kan vera storm og uvêr i Tórshavn, er det noko heilt anna på Viðoy.

- Eg trur nok dette har sett spor i diktinga hans, og Matras skriv mykje om naturen i heimbygda si. Likevel vil eg ikkje kalla Matras for ein heimstaddiktar, for det han skriv om natur og folk i Viðareiði inneheld so mykje ålment. Eg trur at alle menneske kan finna seg igjen i dikta hans. Det handlar om kjensler i dikta hans, og om skiftingar i livet, som me alle kjenner.

Eg tykkjer kanskje dei heilt korte dikta er dei beste?
- Ja, i desse har han jo slipt og slipt på kvart ord på for å få den rette stemninga, seier Skardhamar.

Ein produktiv målmann
Kva gjekk arbeidet til Christian Matras ut på?
- Ja, det er ikkje heilt lett å svar på, av di det er så mykje, ler Skardhamar. - Han gav ut ei stor ordbok, der han samla inn ord frå heile Færøyane. Ordtilfangsarbeidet er nesten det aller viktigaste arbeidet hans. Hav gav ut ei rekkje diktsamlingar, og han samla dikta i diktsamlinga "Leikur og loynd". Han gav ut dei færøyske mellomalderballadane på nytt, og han omsette mykje litteratur til færøysk, både færøyske og utanlandske forfattarar. Til dømes gav han ut William Heinesen si bok "Belæsende Gry", Camus' "Pesten" og Voltaires "Candide" på færøysk. I tillegg gav han ut mange artiklar om målpolitikk, og han var i det heile ein sers produktiv mann, heilt fram til han døydde.

Morsmålet
- Diktet "Móðurmálið" (Morsmålet) er kan henda det mest symbolske Matras har skrive om kjærleiken sin til færøysk. I diktet fortel han korleis færøysk har overlevd gjennom munnleg overlevering: gjennom folkedikting, sogeforteljingar, barnsullar, kvardagsspråk, ordtak og stadnamn, sjølv om færingane har skrive dansk. Diktet er ei programfesting av målpolitikken til Matras - å spreia det færøyske målet til alle. Difor var han òg ein sterk pådrivar for å nytta færøysk i media.

Færøysk litteratur i nordisk samanheng
Korleis vil du plassera Christian Matras i nordisk samanheng?
- Eg vil seia at Matras er ein av dei beste forfattarane i Norden, og at han verkeleg fortener å verta betre kjend. Det finst mykje god litteratur på færøysk, og mykje av det bør verta spreitt til andre land. Det er stort sett William Heinesen som er kjend utanfor Færøyane, og det paradoksale er jo at Heinesen skreiv på dansk!

Korleis kan ein gjera færøysk litteratur meir kjend utanfor landet? Har du ein plan for det?
- Eg har ikkje nett ein plan, nei! ler Skarðhamar. Eg har freista å gjera færøysk litteratur og Christian Matras meir kjend her til lands, mellom anna å gå til forlaga for å få dei til å publisera bøker, men dei trur ikkje at omsett færøysk litteratur er så veldig lønsamt! Det Norske Samlaget har oversett noko, men ein del av det er frå sytti-åra.

Til slutt: om nokon av Motmæle sine lesarar får hug til å lesa færøysk omsett til norsk, kva skal dei då lesa? - Om nokon er veldig interesserte kan dei godt ta kontakt med meg, så kan eg tilrå noko, avsluttar Skardhamar, som sjølv har gjeve ut ei bok i samarbeid med Norsk-Færøysk Lag med omsette dikt av Christian Matras. Den kan du få kjøpa om du tek kontakt med skrivarstova til Norsk Målungdom.

Eva Marie Mathisen [evam.mathisen@nynorsk.no]