Nordmenn + Færingar = Norsk-Færøysk lag

Før me reiste på sumarleir til Færøyane kom me i kontakt med Jógvan Hugo Gardar, leiaren i Norsk- Færøysk lag. Norsk-Færøysk lag er ein sjølvstendig og landsomfattande samskipnad utan partipolitisk binding, og skal vera ein samlingsstad for færøyingar og andre med særskild interesse for Færøyane. "Norsk-Færøysk lag skal fremje samarbeid mellom Noreg og Færøyane", står det i føremålsparagrafen deira. Jogvan vart i alle fall ein viktig samarbeidspartnar for målungdomen under planleggjinga av sumarleiren, og i ettertid har fleire Færøyane-interesserte målungdomar meldt seg inn i laget.

Laget vart skipa i 1931, og har difor 70-års jubileum i år. Dei har om lag 150 betalande medlemer, og har eit lite kontor i Oslo. Både færingar og nordmenn er med i laget, og gjennomsnittsalderen er relativt høg. Når det gjeld aktivitetar, so skipar dei til møte og samkomer av ymse slag. I april i år skipa dei til eit møte der dei tok opp den færøyske sjølvstendeprosessen og kvifor folkerøystinga om sjølvstende vart avlyst. Då kom sjølvaste Høgni Hoydal, i tillegg til andre kjende færøyske politikarar for å halda innleiingar om emnet. Det var eit møte som trekte fullt av folk.

Internt i laget diskuterer dei kva dei skal ta opp på møta. Spørsmålet går på kva det er som skal stå i sentrum; om det er kaffi, kos og kaker eller politiske innleiingar med ordskifte. Mange i laget ynskjer å dansa færøysk ringdans, men det er ikkje so mange til å setja det i gang, so dei har tenkt å invitera eit danselag frå Danmark.

Norsk- Færøysk lag har kontakt med tilsvarande organisasjonar i Sverige og Finland, og det er færøyske foreiningar i mange fylke her i landet.

Den siste tida er det mange som har meldt seg inn på heimesida deira, so om du er interessert i å melda deg inn for å stø det norsk- færøyske samarbeidet, kan du gå til heimesida deira, som ligg på www.norden.no/foroyar finn du både informasjon om laget, nyhende frå Færøyane og nyttige lenkjer for alle "færomanar". Dersom du bur i Oslo, er du hjarteleg velkomen til å møta opp på det som hender i laget. I september skal dei ha ei samkome i samband med at laget fyller 70 år i år, og når det nærmar seg jol, skal dei ha jolemøte. Laget ynskjer seg fleire ungdomar, so med dette går oppmodinga ut til alle målungdomar med interesse for Færøyane: meld deg inn i Norsk- Færøysk lag!

Ragnhild Ås