Professor som tek stilling

"Kvifor skal ikkje språkforskarane - dei som kjenner språket best og veit mest om korleis det er oppbygt og fungerer - bruka kunnskapen sin til å ta vare på og vidareutvikla språket?"
Jóhan Hendrik Winther Poulsen, professor i færøysk språk.

Ein "annleis" språkprofessor
Medan språkvitarar her til lands ofte arbeider etter det amerikanske slagordet "keep your hands off your language", og heller vil skildra språkendringar enn å freista påverka utviklinga sjølve, tenkjer dei annleis på Færøyane. Winther Poulsen har brukt språkkunnskapen sin til å arbeida for det færøyske språket, mellom anna ved å gje ut ordbøker og laga nye ord. "Det er naudsynt for eksistensen til færøysk å draga ei line mellom dansk og færøysk. Når færøysk er so infisert av dansk, lyt me arbeida for å taka vare på det færøyske", seier han.
Før Winther Poulsen laga ordet telda, sa folk computer eller datutøl på færøysk. På islandsk heiter det tølva som tyder "teljemaskin". Winther Poulsen tykte det var positivt at færingane hadde "færøyisert" computer til datutøl, men han meinte det var råd å gjera det endå betre. Han fortel at han gjekk lenge og tenkte på kva ein kunne kalla datamaskina. So ei natt vakna han og hadde ordet på tunga: "telda". Inspirert av det islandske, men færøysk. (ordet tyder "talhandsamar"). Då han hadde kome på ordet, synte han det til ein kollega. Kollegaen tykte det var eit godt ord, men trudde aldri det ville koma i bruk. Etter eit avisintervju der Winther Poulsen nytta ordet, vart det so smått teke i bruk. No er telda einerådande på Færøyane.
Ogso i ordboksarbeidet er han oppteken av å ikkje berre skildra språket som vert brukt, men å freista gjera det betre. Han har vorte kritisert for å vera for puristisk i ordvalet, men ynskjer å demma opp for danskpåverknaden i færøysk.

Målstrid på færøysk
Winther Poulsen fortel at det er fyrst dei siste åra at færøysk har vorte teke i bruk for fullt på alle område. "På 70-talet var Dimmalætting (største avisa på Færøyane) for det meste på dansk. No er det nesten berre færøysk! Gamle folk som gjekk på skulen då dei berre lærte dansk, klagar over at dei ikkje skjønar alle dei rare orda på færøysk, men dei fleste andre tykkjer det er bra at færøysk vert teke i bruk. Færøyingar er veldig glade i språket sitt".
Færøyane kom, som kjent, under dansk statsmakt samstundes som Noreg. På 1500-talet hadde dansk teke over for fullt som skriftspråk. Folk tala like fullt færøysk, dansk fekk ikkje noko gjennombrot i talespråket. Winther Poulsen fortel at dei færøyske kvada har halde oppe det færøyske daglegspråket og poesispråket, slik at då J. S. Svabo starta dei fyrste freistnadene i nyare tid på å skriftfesta færøysk på 1700-talet, hadde han dei å taka utgangspunkt i.
Sjølv om det færøyske skriftspråket har funnest lenge, har det teke lang tid å få det i bruk. Dansk var prestisjespråket i skrift heilt fram til etter 2. verdskrigen. Det vara heilt fram til sekstitalet før Bibelen kom på færøysk og ei færøysk salmebok kom ut. Men no er det færøysk som rår, både i kyrkja, på skulen, i popmusikk og reklame.

Kvifor ikkje i Noreg?
På Færøyane er færøysk no nærast einerådande, medan det er heilt omvendt i Noreg. Nynorsken som var meint å taka over for dansken som rådde på 1800-talet, er no eit mindretalsspråk, konsentrert på Vestlandet. Kvifor hende ikkje det same her som på Færøyane?
"Det har nok samanheng med at Færøyane har vore meir isolert, lenger borte frå Danmark enn Noreg. Færøysk er òg mindre oppsplitta i dialektar enn norsk," seier Winther Poulsen, men han meiner at den viktigaste grunnen er at dansk talemål aldri fekk fotfeste hjå færingane, korkje i overklassane eller andre sosiale lag. I Noreg freista som kjent overklassen å prata dansk til langt ut på 1800-talet. På Færøyane var det heile tida eit skarpt skilje mellom embetsmennene, som var danske og aldri vart færøyske, og færingane. At Færøyane endå ikkje er frie frå Danmark, gjer det òg viktig for færingane å bruka språket sitt. Ved å bruka færøysk syner dei at dei er ein eigen nasjon og ikkje danskar, sjølv om dei ligg under staten Danmark.
Om Færøyane ikkje er politisk sjølvstendige enno, so syner dei eit kulturelt sjølvstende som me i Noreg godt kan læra av. Dei brukar færøysk i alle samanhengar, og ingen snakkar om at det er bondsk eller gamaldags. I Noreg vert nynorsken kalla vestlandsspråk og bondespråk, sjølv om han byggjer på målføre frå heile landet. Dessutan torer færingane laga eigne ord for alt nytt som kjem til i verda, og dei torer bruka orda. På Færøyane heiter det ikkje radio men utvarp, ikkje helikopter men tirla og altso ikkje datamaskin eller pc men telda. Kanskje både norske målfolk og norske språkprofessorar hadde hatt godt av å dra på ein studietur til Færøyane?

Gudrun Kløve Juuhl [gudrun.juuhl@nynorsk.no]