Ungdom for sjølvstende

"Sjølvstende er det aller viktigaste for oss", seier Andrea Eldevig. "Alle er opptekne av sjølvstendespørsmålet, og dei aller fleste ungdomar ynskjer eit fritt Færøyane". Saman med resten av Unga Tjóðveldið arbeider ho for å oppheva riksfellesskapen med Danmark. Dei har stor tru på den færøyske ungdomen, og vil gje færingar meir tru på at dei sjølve kan avgjera framtida si.

Det er ein fin sumardag i Torshavn. Tåka ligg lett over byen, og det duskregnar berre litt av og til. Gjennomsnittstemperaturen i Torshavn i juni er 10 grader, i dag er det sikkert 12 eller 13. Eg møter Andrea Eldevig som er nestleiar i Unga Tjóðveldið og Rúni Nielsen, mangeårig aktivist i organisasjonen. Med 350 medlemer er Unga Tjóðveldið den største politiske ungdomsorganisasjonen på Færøyane. Dei er ogso den mest aktive. Morpartiet heiter Tjoðveldisflokkin, og er eit av dei to største partia på øyane. "Sjølvstendespørsmålet gjennomsyrar alle politiske konfliktar på Færøyane. I dag er alle opptekne av dette. Me ynskjer ei avklåring i denne saka no," seier Andrea. Sidan 1998 har det færøyske landsstyret med Tjoðveldisflokkin og sjølvstendeminister Høgni Hoydal i spissen arbeidd for å oppretta ein sjølvstendig færøysk stat. Danmark si steile haldning i forhandlingane har ikkje gjort Tjoðveldisungdomane mindre lystne på sjølvstyre. (Den danske strategien i forhandlingane har kort fortald gått ut på å overhøyra dei færøyske krava, og i tillegg på å snakka om økonomiske overføringar frå Danmark til Færøyane og om det historiske hopehavet mellom dei to landa.)

Med song og musikk for fridom
Rúni og Andrea fortel at det politiske engasjementet mellom færøysk ungdom stadig vert større. Sjølvstendesaka er den saka som flest bryr seg om. Arbeidet for sjølvstende har ført til ei polarisering i ungdomspolitikken. Unga Tjóðveldið, som vert oppfatta som det mest beinharde sjølvstyrepartiet vervar stadig nye medlemer, og ungdomspartia som markerer seg mot sjølvstende går ogso fram. "Men ikkje like mykje" er Rúni og Andrea snare med å understreka.
"Storsatsinga vår den siste tida har vore propagandaturneen Free Føroyar. Det er ein konsertturne med kjende færøyske band og politiske talar," fortel Rúni. Fleire av banda som har opptredd under Free Føroyar har hatt sangane sine på topp på dei færøyske hit-listane."Folk kjem til desse konsertane i hopetal, og mange melder seg inn i organisasjonen etterpå," fortel han vidare.

Korleis får de alle dei færøyske kjendisane til å stilla opp, då?
"Det er ikkje noko problem. Alle som er med, stiller opp gratis fordi dei stør saka. Nett no ser me ei oppbløming av musikk med politiske tekstar på Færøyane. Sjølvstendekampen inspirerer mange," seier Andrea.
Annlis Bjarkhamar som er leiar i Unga Tjóðveldið, har det travelt i dag. I det ho går forbi rekk ho likevel å slå fast at dei aller aller fleste færøyske musikarar, forfattarar og andre kunstnarar er sjølvstendefolk" For kvar musikar eller kunstnar som sambandsfolka har på si side, har me sjølvstendefolk 100."

Skuleungdomen må med
Andrea og Rúni er opptekne av å styrkja organisasjonen. "Mange av lokallaga våre er ikkje sterke nok til å vera med på å forandra noko", seier Rúni. Han meiner at eit av dei viktigaste tiltaka for å styrkja organisasjonen er å få med fleire elevar i den vidaregåande skulen "Om me klarar å verta sterkare mellom elevar på vidaregåande, kan me klara kva som helst." Han peikar på at tida på vidaregåande gjerne er ein periode der mange ungdomar vert politisk medvitne, og at elevane gjerne ordskifter mykje både i timane og i skulegarden. "Desutan er vidaregåandeelevar ein ressurs fordi dei gjerne har stor kontaktflate, og har dimed høve til å ordskiftast med mange og til å verva mange."

Vil ta andsvar sjølve
Både Rúni og Andrea ynskjer å få ungdom til å bry seg meir om politikk. "Eg tykkjer det er viktig at ungdom har meiningar om korleis dette landet skal styrast, same om dei er samde med meg eller ikkje" seier Rúni. Difor er Unga Tjóðveldið ogso med på å skipa til store konferansar om ungdom og politikk saman med dei andre ungdomsorganisasjonane på øyane. Andrea er ogso leiar i FUR, den færøyske paraplyorganisasjonen for ungdomsorganisasjonar (svarar til Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, LNU). Som leiar i FUR er Andrea med på å arbeida for vilkåra for speidarrørsla, for raudekrossungdom, for sambandsungdom og for sjølvstendeungdom. "Eg er oppteken av at ungdom skal verta flinkare til å ta andsvar sjølve, og ikkje minst til å ta på seg andsvar. Ungdom er alt for lite med på å styra sin eigen kvardag. Kring på skulane er det vanskeleg å få folk til elevrådet, eller til å vera tillitsvalde. På høgare utdanning ser ein nett det same," seier Andrea.

Danskane sin riksfellesskap
Ho meiner at mykje av problemet ligg i at mange trur at ingenting nyttar. Færøyane har lege under Danmark sidan 1300-talet. Danskane kallar tilhøvet mellom Danmark, Færøyane og Grønland for "rigsfællesskabet". Den færøyske sjølvstenderørsla kallar "rigsfællesskabet" ein myte. Dei hevdar at det ikkje er tale om ein fellesskap av rike, men eit framhald av den danske einskapsstaten, fordi den danske grunnlova vart innførd for Færøyane og Grønland utan ordskifte eller folkerøysting. Danmark har alltid vore storebror innanfor fellesskapen. "Det har gjerne vore slik at det ikkje er so farleg kva me her på Frøyane meiner, ettersom det er danskane som tek avgjerdene lell. Mange færingar trur difor at me ikkje kan klara å utretta noko sjølve. Dette vil eg ha ein slutt på," seier Andrea engasjert. Rúni fylgjer opp " Problemet er ikkje at folk ikkje er interesserte i kva som skjer. Folk likar gjerne å ordskiftast og fylgja med. Rundt om på Færøyane sit det flinke folk med mange meiningar, men dei tek ikkje engasjementet vidare. Me arbeider for at fleire færingar skal kjenna seg viktige. - Me vil at fleire skal tru på at dei kan vera med på å styra dette landet."

Færing og stolt av det
Eg har ikkje nett intrykk av at færingane er eit folk som står med "huva i handa", som me seier i Noreg. Færingane er jo kjende for å vera stolte?
"Jaudå", stadfestar dei. "Me færingar er stolte over å vera frå Færøyane. Me er stolte over språket vårt, over soga vår og over landet vårt." Ogso sambandsfolka er stolte over å vera færingar. Dei veiftar ogso med flagget og er like ivrige til å feira nasjonaldagen. "Det er ingen her som har lyst til å vera reservedanskar", seier dei. Sjølv om færingane er eit stolt folk, er altso ikkje alle like sikre på at dei kan klara seg utan Danmark.

Samarbeid på kryss og tvers
Berre eit siste spørsmål - Tjoðveldisflokkin er systerparitet til SV i Noreg, medan det største samarbeidspartiet i landsstyret, Folkaflokkin, er systerpartiet til Høgre. Korleis går dette an?
Andrea seier raskt at ho sjølvsagt ville vore meir nøgd om Tjoðveldisflokkin kunne styra åleine, "Men me har ikkje fleirtal åleine. Difor må me samarbeida. Me vil ha ei avklåring i sjølvstendespørsmålet. Stoda mellom Færøyane og Danmark i dag er ikkje til å halda ut. Det einaste som kan gjera stoda betre er om me færingar får høve til å ta andsvaret for vår eiga framtid på alle område."

Strid og samarbeidsproblem
Færøyane har fire nesten like store parti. Tjoðveldisflokkin og Folkaflokkin som båe har 8 plassar i lagtinget. Sambandsflokkin har 6 plassar. Det er eit konservativt parti som ynskjer at "riksfellesskapen" med Danmark skal halda fram. Det fjerde store partiet er Sosialdemokratane, Javnaðarflokkin, som ogso er eit sambandsparti. Her heime deler me gjerne partia inn etter om dei er til høgre eller venstre på den politiske aksen, me talar om høgresida, og om venstre og sentrum. På Færøyane er konfliktlinene høgre - venstre og samband - sjølvstende like viktige. Difor ser ogso det politiske kartet annleis ut. "Dette er sjølvsagt veldig frustrerande, og det fører til ei oppsplitting av politikken. Det er eigentleg ingen parti som kan samarbeida," seier Andrea. Rúni fortell: "Om me ser på lagtinget ser me det klårt. Eg har nesten inntrykk at politikarane der er meir opptekne av å spenna bein for kvarandre enn av å arbeida konstruktivt. Heile systemet der er bygt på konflikt og splid". Dei forklårer at sjølvstendesaka er med på å fjerna høgre- venstreaksen i politikken. "Skulle me ha samarbeidd med sosialdemokratane måtte me ha lagt vekk arbeidet for sjølvstende. Færøysk sjølvstende vil gje oss ei avklåring, og gjera at høgre-venstrespørsmål får meir plass," seier dei.

Valvår
Til våren er det lagtingsval på Færøyane. Då færingane velja mellom sjølvstende eller riksfellesskap. I denne valperioden har landsstyret sett i gang ein plan for sjølvstende, der færingane skal ta over saksområde etter saksområde (t.d. rettsvesen, utdanning, helsevesen og kyrkje) fram til 2012. I desse dagane er ogso eit grunnlovsutval i gang med å skriva eit framlegg til grunnlov. Om sjølvstendealliansen får fleirtal, vil dei halda fram med arbeidet, om ikkje vil sambandspartia stogga prosessen.
Ser de fram til våren?
"Ja, definitivt. Me ligg godt an på meiningsmålingane. I valkampen skal me syna at me meiner alvor og at me har ein eineståande sjanse nett no til å gjera landet vårt sjølvstendig," sluttar dei av. Vel ute i det færøyske duskregnet att, ser eg bilen. Ein kvit gamal volkswagen-buss med logoen og slagordet til Unga Tjóðveldið står utanfor. "Nóg mikið er grulvad, nú fara vit til gongu" (Me har krabba lenge nok, no skal me gå oppreiste), står det. Eg smiler, knipsar eit bilete, og tenkjer at "jaudå, klart det går an".

Astrid Sverresdotter Dypvik [astrid.dypvik@nynorsk.no]

Finn ut meir
www.ut.fo netsida til Unga Tjóðveldið
www.tjodveldi.fo netsida til Tjoðveldisflokkin