Av Gyro Knutsdotter Homme
Etter ei veke på Færøyane - kva er minna og bileta ein har att i hugen? Kva opplevingar, kva serdrag er det ein snøgt legg merke til og tek vare på i minnet - lenge, lenge? I denne artikkelen skriv Gyro Knutsdotter Homme om sine minne frå målungdomsleiren på Færøyane.
Færøyane er hav, fisk, himmel og fuglar. Bratte, grøne fjellsider skil dei kraftfulle elementa frå kvarandre, og gjev grøde og livsrom for dyra. Sauer ser ein overalt. Kvite, grå, brune eller flekkete, med kraftige horn og kvike lam. I alt er det omlag 80 000 sauer på øyane. Menneske er det færre av, om lag 46 000, og dei bur i fargerike hus spreidde over heile landet. Sjølve husa er stort sett av betong, men kledde med trepanel. Det importerte trevyrket er dyrt, og det veks ikkje skog på Færøyane. 16 500 menneske bur i hovudstaden Torshamn, dei hine i bygder og grender på 17 av dei 18 øyane. Ingen busetnad skal vera lenger frå havet enn 5 kilometer.
Fagert er landet
Om du tek augo bort frå den smale svingete vegen du køyrer på, vil
du sjå natur. (Eg rår til å halda auga på vegen når du er inni ein av
dei to tunnelane på Viðoy - me køyrde gjennom med buss med 4 cm
klaring frå busstaket til taket i tunnelen.) Storfeld og spektakulær
er vel orda turistbrosjyrar ville nytta for å skildre naturen, men eg
vil halde meg langt borte frå slike formuleringar. " Fagert er landet"
- so vent at eg, naturromantikar som eg er, kjende hjarta banke nokre
slag høgare og snøggare den morgonen eg kom ut til ei verd der skodda
hadde letta, og landskapet openberra seg. Bøane lyser gule av smørblom
og ballblom. Set du deg ned på huk, vil orkideen Tjaldurs Børkúbondi
gje deg kjensla av å vere i ein hage. Måsar og tjeld svevar skrikande
rundt i lufta, og ender og gjæser vaggar utover jordene. På
kyrkjegardsmurane sit duer og kurrar, kvilande mjukt på mosegrodde
steinar som rammar inne ei av dei mange færøyske kyrkjene. Dei typiske
færøyske kyrkjene har svarte tjørebreidde trevegger, mur av kvitkalka
naturstein, eit kvitmåla tårn og torv på taket - og dei står heilt
nede ved vågen. Soleis er jamt kyrkja det fyrste som møter deg når du
kjem over havet; for det er ikkje annan veg til Færøyane (sjølvsagt
bortsett frå den moderne reisemåten gjennom lufta). Om menneska kom i
råseglbåtar før, kjem no størsteparten i ferjer. Mellom Island,
Færøyane, Noreg og Danmark er det selskapet Smyril-line og ferja
Norrøna som rår.
På veg til verdas navle
Me var heldige og hadde roleg sjø
heile vegen frå Bergen til Tórshavn. Berre ei varsam gynging, duving
fylte kroppen slik at hovud og armar og føter kjenner sjøen i seg i
fleire dagar, plent som konkylien gjev deg sjøen i øyro. Kven er då
"me"? Me er 65 unge menneske med ulik bakgrunn og framtid; tankar og
meiningar og engasjement. Alle med sine sermerkte uttrykksmål og
uttrykksmåtar, anten det er om EU, målsak, Vestmannalaget, feminisme,
prydsaum, rollespel, journalistikk, "basse" eller Erling Fossen. Og på
Færøyane; ei heil veke til å verta kjende med kvarandre.
"Besøg Hotel Føroyar og få udsigt over Verdens Navle" - (altso Tórshavn) las eg i ei lysing. Kan hende som eit framhald av "Stogg urbanismen" -kampanjen åt NMU, for me snøgt ut or navlen då me hadde kome i land. Me heldt fram mot nord, mot den vesle bygda Viðareiði på Viðoy. I Viðareiði bur det om lag 330 menneske, so då me kom, auka folketalet vel med 20 prosent...

Den rolege bygda har fjell og hav på alle kantar og husa er spreidde slik at alle har jorda si - med sauer, ender og potet- og rabarbraåkrar rett utom nova. Post, Samkeýp (jau det er Samvirkelaget!) og Hotel Norð gjer eit lite sentrum, medan kyrkja og prestegarden ligg nede ved sjøen. Denne prestegarden skal ha vore heimen åt prestekona Beinta, seinare kjend under namnet Barbara i den kjende romanen åt Jørgen Frantz Jacobsen.
Det stig av Hav eit alveland
Naturen heilt nord på Færøyane vert i turistblad og reisehandbøker
jamt skildra som " den smukkeste og mest storslåede", eller "naturen
er overveldende og freden betagende". Jaha, tenkte me, medan skodda
låg tung og tjukk og våt og kvit. Laurdagskvelden hadde me
avsluttingsfest, og vona om å verkeleg kunne sjå Viðareiði før me
reiste neste dag var lita. Då! Brått braut det fram solstrålar frå dei
tunge skyene og so godt som alle på festen sprang ut for å sikre seg
nokre solskinsbilete frå ferien. Neste morgon var det blå himmel og
sol, og verda me no tykte me kjende so godt, var brått ei reint ny
verd! Bratte fjell, stupande rett ned i havet, og eit hav - æveleg
rullande mot steinar, mot land. Sola speglar seg i havet, får nokre
fuglar til å synge og graset til å grønke. Berre nokre få strålar,
nokre få glimt skal til. Lufta er rein og klår, og ikkje salt- og
havangande som ein skulle tru. Ein lyt vere der sjølv, sjå alt, vere i
alt. Berre kjenne etter. Sidan vil det allstøtt vere fest i hugen.
Sjølvstende og samarbeid
Noko anna som har gjeve
minne og takar frå sumarleiren, er færingane og deira medvit og
viljestyrke. Dei tør vere seg sjølve, skilje seg ut og stå på krava
sine, trass i sterk påverknad og press frå fleire kantar. Færingane
tek vare på språket sitt, og kjempar for å oppretta ein sjølvstendig
færøysk stat. Færingane klarar ogso å vidareutvikla den tradisjonelle
kulturen, når dansekvadet "Ormurin langi", i ny tidsrett versjon med
svartmetallbandet Týr, vert spela på diskotek, dansar ungdomane
tradisjonell ringdans til. Spør du ein færing om EU, vil han truleg
svare "Neei, me vil ikkje inn i denne der unionen, me har no bestemt
oss for det". Her meiner eg me nordmenn har mykje å lære!
"Sjølvstende og samarbeid" var namnet på sumarleiren, og det var serleg desse emna som vart spegla av i dei ulike innleiingane og seminara me hadde. Unga Tjoðveldið, den største færøyske ungdomsorganisasjonen og sjølvstendeministeren Høgni Hoydal, gav oss kunnskap og kveikte interessa for den færøyske striden for å verte fri frå Danmark.
Me hadde au innleiingar om EØS, regionalisering i EU og "Økonomien ved sjølvstende". På kvar sin måte var desse med på å gje oss eit meir heilskapeleg bilete av tilhøva i Europa no.
Målkamp på norsk og på færøysk
Noreg og Færøyane har ein svært lik språkleg bakgrunn. For litt
meir enn 1000 år sidan nytta me det same norrøne språket og båe landa
kom frå 1397 under dansk styre. På 1800-talet kom målreisinga i gang i
båe landa. Ivar Aasen og V.U. Hammershaimb laga skriftspråk med
talemålet som bakgrunn. I dag er stoda for dei to måla sers
ulik. Færøysk står sers sterkt blant unge og gamle, i daglegtale og i
dataverda. Nynorsken derimot, er i mindretal i Noreg. Språket vert
stadig pressa bort til fordel for bokmål og anglonorsk. På ein
NMU-sumarleir er sjølvsagt mål og målstrid sers viktige emne, og me
hadde både seminar om sidemål og om norskfaget og ei innleiing med
ordskifte om "kvifor er nynorsk so fint i dikt?". Seminaret om
dialektar var tilpassa norske tilhøve, men kunne au ha vore om målføre
på Færøyane. Me fekk vite at det er store skilnader både i
ordtilfanget og med tanke på uttale mellom dei ulike målføra på
Færøyane.
Professor Jóhan Hendrik Winther Poulsen heldt ei forvitneleg innleiing for oss i Tórshavn, der ha mellom anna fortalde om språkmannen Christian Matras, og korleis dei i det færøyske språket heller lagar nye ord enn å ta inn danske og engelske ord. T.d. heiter datamaskin "telda" og helikopter "tyrla". Det er moro å sjå alle dei gode orda i færøysk : utvarp er radio, sjónvarp fjernsyn. Skrivstova er, nett som i nynorsk, kontor. Dør og skulder heiter hurð og herð plent som heime i Setesdal.
Før og etter Steintór
Det var stort å få kjende og viktige personar som Hoydal og Winther
Poulsen til å halda innleiingar og svare på spørsmål for oss. Det kan
au verte tolleg stort å skjøne at ein har hatt ein kjendis, eller i
grunnen to, på vitjing, utan at ein var førebudd på det. Steintór
Rasmussen og Jógvan Hansen skulle lære oss færøysk, men enda opp med å
ha ein konsert for oss. Etter den kvelden er det nok fleire enn eg som
har hatt songen "Omma mín" surrande rundt i hovudet. Stemninga på
konserten og etterpå var so god at eg mest undra meg om det no var
mange som kom til å byrje i tidsrekninga : Før og etter Steintór. I
ettertid fann me ut at både Steintór og Jógvan er mellom dei mest
kjende musikarane på Færøyane.
På attersyn
Norrøna vagga oss godt fyrste delen av heimreisa. Kan henda var det
nokre som plent der og då trega på heile turen, trøytte og varme og
kvalme. Når me 65 ser attende no trur eg ikkje det er mange som
tregar. Me hadde regnvêr og skodde, men au sol. Dagar med opplevingar,
ny kunnskap og nye vener, frå morgon til kveld. Hugs - Færøyane ligg
no der ute i havet, og tek gjerne imot deg att. Alle menneska du vart
kjend med er jo her; rundt omkring i landet, klare til å stride i hop
med deg - for nynorsk og målføre, mot EU, med klåre argument i valkamp
og ordskifte. Orda åt Steintór høver godt som avslutning "Kanst tú
siga farvel?" Jau, far vel - og på attersyn.