Aller siste nytt:Les intervju med to av deltakarane.
Siste nytt:Sjå det oppdaterte programmet her!
| Fakta om leiren:
Me skal vera på Rød skule på Kråkerøy utanfor Fredrikstad i Østfold. Det går buss og tog mange gonger til dagen frå Oslo, og buss vidare til Kråkerøy. Det kostar 700 kr for medlemer og 800 kr for ikkje-medlemer å vera med, og dette dekkjer billegaste reise og mat. |
Emne for leiren er "Nye vegar for nynorsken", og i dette jubileumsåret
for målrørsla vil me sjå spesielt på korleis framtida til nynorsken vert, ikkje berre
feira fortida. Me skal læra av dei hundre åra som har vore, og finna ut kva som må
gjerast i dei hundre åra som kjem. NMU har politikk på mange internasjonale spørsmål,
men kvar går eigentleg grensa for kva me skal meina?
Østfold er det fylket i landet som har flest soldagar, og dette har me planar om å dra nytte av. Det er òg lett å koma seg til Østfold frå dei fleste stader i landet. Dette er med andre ord ein sumarleir du ikkje vil gå glipp av.
Ta ein Østfold-kviss!
Lær deg Østfolddialekten ,
slik at du er budd på å treffa urfolket i fylket, eller
les nokre
artige, men rare historier frå Østfold
Sving innom heimesidene til Østfold Mållag
eller Fredrikstad Mållag
Har du fått med deg VG-reklamen på godt Østfold-mål? Les om Vivi Haug i
Aftenposten.
Slik melder du deg på:
Ring Norsk Målungdom, tlf 23 00 29 40
Send ein e-post til skriv@nynorsk.no eller nytt skjemaet på denne sida.
Velkomen på sumarleir!