Den store hendinga i sumar nærmar seg raskt, håpar du er klar for sumarleir i Norsk Målungdom! I år skal leiren vera i Risør frå 11. til 15. juli. Me skal bu på Risør ungdomsskole, som ligg i sentrum av byen og berre nokre steinkast unna sjøen.
Det vert spanande innleiingar, heftige ordskifte, interessante seminar, morosame aktivistkurs og utfordrande kulturelle verkstader. Tema på leiren er mellom anna globalisering, nye minoritetsspråk i Noreg, mangfald, nynorsk i media, sidemål og valkamp, norsk film og nasjonal sjølvråderett. I tillegg kan du gle deg til forfattarkveld med Ragnfrid Trohaug, fotballturnering, by-rebus, sumarleirfest, sol og sjø, mange nye vener og mykje meir!
For alt dette treng du berre betala 700 kr, det dekkjer reiseutloger, mat og overnatting. Hugs å melda deg på før 1. juli. Om du av ein eller annan grunn må melda deg av, bør du òg gjera dette før 1. juli.
Slik melder du deg på:
Ring Norsk Målungdom, tlf 23 00 29 40, send ein e-post til skriv@nynorsk.no, eller nytt skjemaet på denne sida.