
Kom og drikk brus på NMU-vis med Trine og Astrid på sumarleiren!Leiren startar onsdag 11. juli, med mat frå klokka 12.00. Det er fleire måtar å koma seg til Risør på.
Reiser du via Oslo, er det enklast å ta bussen (Sørlandsekspressen). Me kjem til å arrangera ei felles avreise herifrå onsdag 11. juli kl 08.00. Skulen ligg i gangavstand frå rutebilstasjonen.
Reiser du via Stavanger og Jæren, kan du ta toget til Gjerstad som er framme 10.43, so kan me koma og henta deg.
Dersom du ikkje reiser om desse stadene, og ikkje veit korleis du skal reisa, ta kontakt med skrivarstova, so hjelper me deg.
Leiren sluttar sundag 15. juli klokka 13.30. Bussen til Oslo går frå Risør 15.20. Toget til Stavanger går 18.09.
Dersom du vil at me skal tinga billettar til deg Risør (gjeld tog, inga førehandsreservering på Sørlandsekspressen) må du seia frå om det så snøgt som råd! Du får dekt reise med billegaste reisemåte.
Den store hendinga i sumar nærmar seg raskt, håpar du er klar for sumarleir i Norsk Målungdom! I år skal leiren vera i Risør frå 11. til 15. juli. Me skal bu på Risør ungdomsskole, som ligg i sentrum av byen og berre nokre steinkast unna sjøen.
Det vert spanande innleiingar, heftige ordskifte, interessante seminar, morosame aktivistkurs og utfordrande kulturelle verkstader. Tema på leiren er mellom anna globalisering, nye minoritetsspråk i Noreg, mangfald, nynorsk i media, sidemål og valkamp, norsk film og nasjonal sjølvråderett. I tillegg kan du gle deg til forfattarkveld med Ragnfrid Trohaug, fotballturnering, by-rebus, sumarleirfest, sol og sjø, mange nye vener og mykje meir!
For alt dette treng du berre betala 700 kr, det dekkjer reiseutloger, mat og overnatting. Hugs å melda deg på før 1. juli. Om du av ein eller annan grunn må melda deg av, bør du òg gjera dette før 1. juli.