Kom på sumarleir!

Førebels program for sumarleiren 11.-15. juli

Bilete av  Morten som smiler frå øyre til øyre Smil med Morten på sumarleiren!

Onsdag

Frå kl 12: Innsjekking

13.45: Føremøte i grupper

14.30: Opning av leiren
Velkomen
Praktisk informasjon

14.45: Innleiing: Kva er målsak i dag?
ved Maria Svendsen
- Er målstriden over?
- Har me bruk for målrørsla?
- Korleis ser framtida ut for nynorsken?
Ordskifte i grupper og i samla flokk.

16.00: Pause og mat

17.00: Parallelle seminar

Vel mellom:

Norsk som akademisk språk - kva hender?
Engelsk tek stadig meir plass i høgare utdanning og forsking. Står det norske språket i vegen for at Noreg kan hevda seg som ein kunnskapsnasjon? Eller utgjer bruken av engelsk eit ålvorleg problem på sikt? Innleiing ved Birgit Brock-Utne, professor i internasjonal utdaningsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Kvar går EU?
Utviklinga i EU dei siste åra har gått mot stadig meir overnasjonal styring, kombinert med forsøk på å driva felleseuropeisk nasjonsbyggjing. Korleis fungerer demokratiet i EU i dag, og kva kan henda frametter? Innleiing ved Tore Syvert Haga, leiar i Ungdom mot EU.

Målstrid og målfred i nytt ljos
Norsk Målungdom snakkar mykje om målstrid. Hadde kanskje målfred vore betre? Treng nynorsk og bokmål å vera i konflikt med einannan? Innleiing ved Jarle Fagerheim, landsstyremedlem i NMU.

19.00: Middag

20.00: Forfattarkveld: Ragnfrid Trohaug
Ragnfrid Trohaug har gjeve ut fleire kritikarroste bøker. Ho debuterte i 2000 med romanen Okkupert kjærleik, som er seld til Belgia, Danmark, Frankrike og Tyskland. Me gler oss!

Torsdag

10.30: Parallelle seminar

Vel mellom:

Nasjonal sjølvråderett
Prinsippet om nasjonal sjølvråderett har lenge vore viktig for Norsk Målungdom. Men kva vil det eigentleg seia? Og kor viktig er det for ideologien me byggjer arbeidet vårt på? Innleiing ved Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom.

Nynorsk i skulen - vårt andsvar?
Offisiell språkpolitikk slår fast at alle skal læra både nynorsk og bokmål. Korleis fungerer det i praksis? Er det viktigaste å tvihalda på sidemålsordninga, eller bør me heller satsa meir på dei som har nynorsk som hovudmål? Kva er målrørsla si rolle i dette? Innleiing ved Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

12:00: Mat og fritid

14:30: Innleiing: Globalisering
ved Marte Nilsen, leiar i Attac Noreg.
Verda er mindre enn nokon gong, vert det sagt. Dei same strukturane som minskar skilnadene mellom land og kulturar, gjer det òg mogleg å knyta kontakt på tvers av landegrensene, og å dra lærdom av einannan. Er globaliseringa eit trugsmål mot demokratiet, eller representerer ho noko positivt?

16.00: Mat

17.00: Aktivistkurs bolk 1

Vel mellom:

Bilete av Jens som ikkje har fått med heile t-skjorta på biletet Kom på sumarleir og utforsk dei mørke sidene dine med Jens!

T-skjorteverkstad
Ola Haugen Havrevoll, røynd T-skjortemakar, syner deg korleis du lagar unike T-skjorter til deg sjølv og lokallaget ditt!

Aksjon på 1-2-3 del 1
Har du lyst til å aksjonera, men manglar idear eller pågangsmot? Studentlagsskrivar Elisabeth Skatvedt har mange gode tips og råd for skåpaktivistar som vil læra korleis ein fiksar aksjon i ein fei. OBS: Kurset går over to dagar.

Målfararkurs del 1
Kvar haust og vinter reiser NMU på målferd. Då vitjar ein skuleklassar over heile landet og snakkar om målstoda. På dette kurset lærer du å halda eit målferdføredrag ut frå eit velprøvd og suksessfylt opplegg. OBS: Kurset går over to dagar.

19.00: Fotballturnering
Ingen sumarleir er komplett utan ei fotballturnering! Kven vinn i år?

Seinare: Middag

Fredag

Utflukt til Risør
Me dreg inn til byen og ser oss om. Nærare program for utflukta kjem snart.

16.00: Kulturelle verkstader

Vel mellom:

Teatersport

Kveding

Dansekurs

19.00: Fotballturnering: Finale!

Seinare: Middag

Laurdag

10.30: Innleiing: Sidemålet - ei tapt sak?
Sidemålsordninga fyller hundre år i år. Korleis kan me feira sidemålsordninga, vinna diskusjonar med sidemåls- og nynorskmotstandarar, og nytta valkampen til å fremja sidemålet og andre viktige saker for målrørsla? Jens Kihl, organisatorisk nestleiar og komande leiar i NMU, innleier til debatt.

12.00: Mat og fritid

14.30: Paneldebatt: Er mangfald meir enn eit fint ord?
Alle seier dei er for mangfald. Men kva tyder det i praksis? Kva vert gjort for å at samfunnet vårt skal vera reelt mangfaldig? Kva gjer organisasjonane sjølve?
I panelet:
- Margit Ims, politisk nestleiar i Norsk Målungdom
- Henrik Lunde, informasjonsleiar i Antirasistisk senter
- Kari Helene Skog, leiar i Skeiv Ungdom
- Anita Rathore, Organisasjonen mot offentlig diskriminering

16.00: Pause

16.30: Aktivistkurs bolk 2

Vel mellom:

Aksjon på 1-2-3 del 2
Har du lyst til å aksjonera, men manglar idear eller pågangsmot? Studentlagsskrivar Elisabeth Skatvedt har mange gode tips og råd for skåpaktivistar som vil læra korleis ein fiksar aksjon i ein fei. OBS: Kurset går over to dagar.

Målfararkurs del 2
Kvar haust og vinter reiser NMU på målferd. Då vitjar ein skuleklassar over heile landet og snakkar om målstoda. På dette kurset lærer du å halda eit målferdføredrag ut frå eit velprøvd og suksessfylt opplegg. OBS: Kurset går over to dagar.

Argumentasjonskurs
Håvard Øvregård, leiar i Kringkastingsringen, er ein røynd debattant. På dette kurset lærer han deg korleis du argumenterer effektiv, får andre over på di side og generelt framstår som vinnar av ein kvar diskusjon.

18.30: Pause

19.00: Sumarleirfest
Finn fram kjolen og/eller slipset, og ver med på å gjera årets sumarleirfest til ein av dei beste! På programmet står mellom anna Den store NMU- melodikappleiken V. Her er rom for alle bidrag!

Bilete av søvnige Margit Kom og ver trøytt og glad på sundagen med Margit!

Sundag

10.30: Parallelle seminar

Vel mellom:

Eg heiter Bond. James Bond.
NMU har som politisk målsetnad å skaffa nynorsk teksting på kino. Korleis får me til det? Kva er utfordringane? Innleiing og idémyldring.

Dei nye minoritetsspråka
Arabisk, tyrkisk og urdu er døme på språk som vert tala av store grupper i det norske samfunnet. Kva status skal dei nye minoritetsspråka ha? Korleis syt ein for ei god morsmålsopplæring for alle? Og kva plass har nynorsken i dette mangfaldet? Trine Østereng, student og varamedlem til sentralstyret i NMU, gjev oss eit innblikk.

12.00: Mat og pakking

13.30: Avslutting
Appell
Praktisk informasjon