
Hald av 24. - 28. juni i almanakken, og gjer deg klar for fem fantastiske dagar med nynorsk, målstrid, bading, fotball og alle andre kjekke ting du berre må gjera i sumarferien!
Me kan garantera deg at du kjem til å læra mykje nytt, og får høve til å vera med på spanande ordskifte. Du blir òg kjend med målungdomar frå heile landet, og får høve til å utfordra dei i fotballturneringa eller i den store melodikappleiken.
Det blir kulturelle og kreative verkstader, der du kan gjera nynorsken endå betre i ordverkstaden og fornya garderoben din i t-skjorteverkstaden. Du kan læra deg esperanto og korleis du kan venda vinden, og kan vera med å diskutera strategien til NMU frametter. Dette er berre litt av det me har å by på, men mest av alt blir dette ei avslappande ferieveke i fantastiske Elverum, ein småby heilt sør i Østerdalen. Glomma renn rett gjennom, og du kan ta deg ein forfriskande dukkert i ei av sideelvene og bli med på dagsutflukt til Finnskogen.