NMU sin sumarleir i Arendal 6.-11. juli 2010

Er du klar for sumarleir?

Velkomen til Lillesand

Velkomen på sumarleir med Norsk Målungdom

Held av 6.-11. juli og førebu deg på ei veke med sol, sumar, målsak, nynorsk, fotballturnering og bading. Sumarleiren til Norsk Målungdom vil du ikkje gå glipp av!

Det vert innleiingar og kurs for nye så vel som røynde aktivistar. Du kan bryna deg i ordskifta, ta rotta på motstandaren i fotballturneringa, eller utfordra dei i den årvisse melodikappleiken. I tillegg vert du kjend med målungdomar frå heile landet.

Det vert kulturelle og kreative verkstader der du kan læra å strikka selbuvotter og få eit innblikk i arabisk. Du kan òg førebu deg til årets kampanje og læra meir om kvifor det er viktig med nynorsk i nettavisene. Det er berre litt av det me har å by på, men mest av alt vert det ei avslappande ferieveke i sørlandsidyllen Lillesand.

Ta med deg ein ven og ver velkomen!

Helsing,
Sumarleirnemnda