
I lang tid har bokmålet stadig vunne nytt land og stadig fordrive nynorsken. No er det nok! Det er på tide å vende vinden!
Er du lei av at nynorsk vert stadig mindre brukt offentleg? Kjenner du at bokmålet kjem snikande frå alle kanter? Eller kanskje du kjenner at folk ser ned på deg som nynorskbrukar? Då bør du halde av helga 23.-25. oktober, for då er det tid for «Vend Vinden»-konferanse.
Om du slit med å vinne debattar om nynorsk og sidemål kan du kome på argumentasjonskurset. Og om du då får ein trong til å skrive argumenta ned, men ikkje veit korleis du skal gjere det, eller kva du skal gjere med teksta, kan du kome på mediatreningskurset. Kom og møt folk frå heile Noreg som har dei same utfordringane som deg og som du kan utveksle idèar og erfaringar med. Vi vil halde eit ope nynorsk sjølvtillitskurs, der alle er velkomne til å vere med. Elles vert det mellom anna lobbyverksemdskurs, innleiing om organisasjonsbygging, næringslivpaneldebatt og filmvisning!
Ta med ein ven og ver med å vende vinden!
vendvinden.no er haustkonseransen til Norsk Målungdom. Heia nynorsk.