Januar 2002 skipa NMU til vinterleir for andre året på rad. Her fortel Leif-Arne Storset om leiren.
Måndagsmorgon fekk slumreknappen på klokkeradioen gjennomgå for ei helg med vinterleir på snjokledde Osterøy utanfor Bergen, ein leir der leggetida var gløymd og prat og gjøgling gjekk ut i dei små timane.
Det var ikkje tvil om at eg skulle dit. Vinterleiren i fjor var full av interessante innleiingar, artige aktivitetar og livfulle leirdeltakarar, alt samla i dei tre hyttene til «Foreningen Nord-Norge», utan innlagt vatn (men med utedass).
I år fekk vi litt meir mellom oss og naturen på fagre Osterøy. Då eg og andre ulvar i trønderklede kom fram fredagskvelden (etter forseinka fly frå Trondheim og halvannan times sjåtur i Bystasjonen i Bergen) venta fyrst kveldsmaten på oss. Seinare fekk vi høyra eit hyggeleg pensjonistektepar fortelja eitkvart frå Osterøy. Kjerringa formana oss om ikkje å gjeva slepp på målføre og tilknyting til heimstaden, slik ho ein gong gjorde med Nardo, som no er i Trondheim. Etterpå imponerte ho dei datakyndige mellom oss stort då ho nytta mange dataord rett; mange mykje yngre folk slit med gigahertz og gigabytes!
Verta kjend-leikar er noko NMU kan, og leiarane briljerte med
evnene den kvelden. Etter ei (for min del) lang natt, var det opp og
stå til ein dag med markert fysisk aktivitet i form av ein tur på
Osterøy for å sjå på lokal byggjeskikk. Andre på leiren valde heller å
driva rapping, toving (ullkunst) eller ei blanding mellom aerobic,
rytmisk sportsgymnastikk og kampsport. Vi fekk óg vera med på
argumentasjonskurs, men for min del valde eg fysisk, demonstrativ
argumentasjon framføre den meir intellektuelle.
Det internasjonale stod sterkt i år: fyrst ute var det internasjonale programmet som kunne gangast gjennom på eit av seminara. Det skal vedtakast på landsmøtet. Etterpå fekk vi høyra frå den kurdiske målstriden. Det var oppskakande å høyra om nokre deler av den tyrkiske diskrimineringa, og vi fekk sjå ein del likskapar med vår eiga målsoge.
Utetter laurdagskvelden var det lite program, men tiltakslause stod vi ikkje. Ikkje berre fekk vi høyra rapparane og dei kule tekstane deira, men både gjengangaren Trivial Pursuit og valdsame ordskifte kunne høyrast. Diskusjonane gjekk føre seg so høylydte at eg berre venta på at ishockeykampen skulle bryta ut. Seinare kom gjøglinga og dei små timane, og etter at nokre høgst anonyme personar mora seg med nattradio utanfor eit soverom klokka fire om natta, bar det til køys for meg óg.
Sundagen var som leirsundagar flest: prega av avrunding, avslutting og til sist oppbrot. Men eit unnatak gjorde dagen litt mindre mollstemt: eit rollespel om mållagsarbeidet. For meg var det ei ny oppleving, ei som var like idealisert som ho var lærerik. Vi fekk sjå litt kva som må til når ein vil endra noko i samfunnet.
Kva var det som stod att etter to døger med ordskifte, verkstader og mykje anna? Eg hugsar best menneska. Dei eg møtte på leiren var veldig ulike personar - kvar med sitt å yta i målstriden. Det var eldsjeler og andre som var fulle av liv, det var realistar og andre intellektuelle, det var jamne og pålitelege lagsfolk. Dersom alle kjem att til neste leir, vert det like moro då!