Helga 21.–23.januar skipar Norsk Målungdom til vinterleir! Leiren skal vere på hytta Leikvinjar på Hønefoss (nord for Oslo). Denne tilskipinga passar for alle som vil ha fleire argument for nynorsk eller sidemål. Anten du har vore med i Målungdommen ei stund, eller om du er heilt fersk, er dette staden for deg. Og er du litt fersk så passar det jo ekstra godt. Diskusjonar om nynorsk og dialektar, spennande innleiingar, vinterleirtevling, med mykje meir. Denne leiren vil bli vinterens store høgdepunkt!
Nokre smakebitar frå programmet på vinterleiren:
Og me skal nok ut og lage bokmål- og nynorsksnømenn som ei opptakt til den store SnøMålstriden!
Dette freistar nok dei fleste til å ta seg ein tur til denne sjarmerande hytta på Hønefoss. Og heile sulamitten kostar berre 250 kr, inkludert reise, opphald og mat! Dette er eit knalltilbod ein bør nytte seg av.
Lurer du på noko, t.d. korleis du kjem deg dit eller spørsmål om programmet? Då er det berre å sende eit e-brev til skriv@nynorsk.no, eller ringe skrivarstova (kontoret til Målungdommen) på tlf. 22 47 71 16 for meir informasjon. Påmeldingsfristen er måndag 17. januar!
Vel møtt til vinterleir!