Målstrid, leiking, tevling!
No nærmar me oss den beste helga på lenge, nemleg vinterleiren til Norsk Målungdom!
Innleiingane er varierte, folka er supre og snøen har lova å koma. Og det gjer vel du òg?
Leiren skal vera på Vatnar ungdomssenter ved Bø i Telemark. Til Bø kjem du deg lettast med tog
(frå Oslo, Stavanger og Kristiansand) eller med buss (Haukeliekspressen, som går frå Bergen og Haugesund).
Heile stasen kostar 300 kroner, og då er mat, reise og opphald inkludert!
Slik melder du deg på:
Ring Norsk Målungdom, tlf 23 00 29 40
Send ein e-post til skriv@nynorsk.no eller nytt skjemaet på denne sida.
Program for vinterleiren 20.–22. januar 2006
FREDAG
17.00–18.30 Mat og loddsal
18.30–18.45 Velkomen til vinterleir
ved Ola Haugen Havrevoll og Margit Ims
18.45–19.45 Fellesinnleiing: Nynorsk – berre for byfolk?
Mari Lund Arnem ser skrått på ulike fordomar mot nynorskingar og bokmålsfolk i bygd og by
19.45–20.00 Pause med open NMU-bu – val av verkstad
20.00–20.30 Vinterleirtevlinga, 1. bolken
20.30 Presentasjon av kreativitetsslamring
Middag/kveldsmat
Verta kjende-leikar
LAURDAG
08.00 Vekking
08.30–09.30 Frukost
09.30–11.00 Parallelle innleiingar:
- Kvifor vera målungdom?
ved Vebjørn Sture
Kva er det eigentleg som er bra med nynorsk? Og kva er vitsen med å engasjera seg for han?
- Ivar Aasen: Kva meinte han eigentleg?
ved Synnøve Midtbø Myking
Kva ville Ivar Aasen ha sagt til målstoda i dag? r idéane hans gått ut på dato?
11.00–11.30 Pause med artige påfunn
11.30–13.30 Kreative verkstader:
- Ut i naturen
Leik i snø og vintersol med Margit Ims
- Gips & ståltråd
Ida Ylvisaker viser deg kor mykje som kan gjerast med lite!
- Meditasjon
Finn roa med Elisabeth Skatvedt
13.30–14.30 Mat
14.30–16.00 Parallelle seminar:
- Målstrid i Wales
ved Sibjørn Hjelmbrekke
Walisarane har sitt eige språk, men engelsken trugar det. Kor mykje kan dei læra av oss, og me av dei?
- Målsaka – eit venstreprosjekt?
ved Signhild Samuelsen
Er det sant at målfolk stort sett er sosialistar? Er det mogleg å vera aktiv målungdom på høgresida? Og kva med dei i midten?
16.00–16.30 Pause med frukt og bollar
16.30–18.00 Fellesinnleiing: Nynorsklandet Bø
ved Asgeir Sele
Korleis kom nynorsken til Bø i Telemark? Og kva utfordringar møter han i dag, i grenseland mot bokmål?
18.00–19.30 Vinterleirtevlinga, 2. bolken
Middag
Kreativitetsslamring
Loddtrekking
SUNDAG
08.30 Vekking
09.00–10.00 Frukost
10.00–12.00 Parallelle kurs:
- Nynorskkurs
Slit du litt med skilnaden på e- og a-verb? Lyst til å byta til nynorsk,
men føler deg ikkje heilt stø? Magnus Bernhardsen gjev råd og tips!
- Lær å driva lokallag!
Gjennom rollespel får du eit innblikk i kva det vil seia å vera i eit lokallagsstyre,
og kva utfordringar ein står overfor.
- Medietrening
Jens Kihl lærer deg korleis du skaper blest kring deg sjølv og lokallaget,
og kva som er lurt å hugsa på i møte med media.
12.00–12.15 Pause med kakao og frukt
12.15–13.30 Vinterleirtevlinga, 3. bolken
13.30 Avslutningsappell
ved Synnøve Midtbø Myking, leiar