Siste helga i januar. Det er kaldt og mørkt, og du ser lengtande fram til varme, ljos og glede. Men Målungdomen kuttar ned ventetida for deg! Helga 26.-28.januar er det nemleg på tid med VINTERLEIR! Du er særs velkomen til dette ljoset i vinternatta.
Leiren skal vere på Haraset, Stange ved Hamar, og det vert ordna fellesavreise frå Oslo på fredagen.
Prisen for denne herlege samlinga med frekke folk og fine fiolinar blir på 350 kroner, og det er inkludert mat, reise og opphald!
Me tilbyd deg punkt om nynorskteksting på kino, teikneseriekurs, god målsak, og høvet til å lære og bli sære, kose og le.
Sjå kor moro det er vinterleir! Foto: Odin Hørthe Omdal.
Slik melder du deg på:
Ring Norsk Målungdom, tlf 23 00 29 40
Send ein e-post til skriv@nynorsk.no eller nytt skjemaet på denne sida.