Vinterleiren 2010

Vinterleir i Bø

Frå 22. til 24. januar skipar Norsk Målungdom – tradisjon tru – til vinterleir. Ein del av tida vil vi nytte ute i snøen, anten om det er i bakken med snøbrett eller slalomski, om det er i løypene med langrennski på beina, eller om du berre vil base i snøen og ake.

Vi kjem ikkje berre til å vere ute i snøen, for vi skal òg førebu landsmøtet i Ørsta i mars. I tillegg vert det interessante punkt om – mellom anna – EU, nynorsk som byspråk og SN. Om du vil vite meir om programmet, finn du det under lenkja «program» i menyen ovanfor.

Det vert òg høve til å berre slappe av og drikke kakao med andre trivelege målungdommar. Så om du liker snø og nynorsk, bør du kome på vinterleir.

  • Når: 22.–24. januar
  • Kvar: Jønnbu fjellkyrkje i nærleiken av Bø
  • Kor mykje: 250 kr. Vi dekkjer reisa di
  • Ta med: Sovepose, varme klede, bortoverski eller nedoverski, akebrett, ein venn, endå ein venn, pengar til NMU-kiosken og lodd (og skitrekk, om du vil stå i trekket), tannbørste og godt humør
  • Dette er sidene til vinterleiren til Norsk Målungdom. Heia nynorsk.