Verv til jol, NMU sin verveinnspurt 2009

Verv til jol

No er snart året slutt, men før det kan du vera med på ein siste verveinnspurt. Det er mange gjeve premiar å vinna for dei som har verveblokkene klare. Verv på joleavslutning, i joleselskap, når du ventar på gåvene, kort sagt, nytt eit kvart høve til å verva nye medlemer. Les meir om kva premiar du kan vinna under premier, men ikkje gløym å sjekka reglane.

Alle vervingar må vera registrerte og betalte innan 28.desember. Hugs at me ikkje sender ut giroar i joleferien, så det luraste er å ta imot pengar frå den du vervar og setja dei direkte inn på kontoen for medlemspengar: 3450.65.48618. Det kostar 100 kroner å vera medlem ut 2010.

Lukke til med vervinga!