Verv til tusen, vervekampanjen til Norsk Målungdom 2010

Verv til tusen!

No er vårens vervekampanje i gang. Norsk Målungdom skal ha 1000 teljande medlemer før sommarleiren tek til 6. juli, og for å få det til må me ha DEG med på laget, anten du vervar éin, to eller tretti.

Premielista er endå gjevare enn sist, så då er det berre å verve så blekket sprutar, og følga med på oppdateringane på vervekampanje.no. Her kan du både lese vervetips, registrera vervingar og sjå korleis du liggjer an i tevlinga om å bli årets supervervar!

Lukke til med vervinga!