Reglar
Kampanjeperioden er frå og med måndag 10. mai til og med fredag 2. juli. Alle vervingar og medlemspengar må difor vera oss i hende seinast 2. juli.
Det er berre vervingane i denne perioden som kvalifiserer til dei kampanjebundne vervepremiane.
Du kan ta ut vervepremiar ved å kontakta skrivarstova (23 00 29 40 / skriv(krøllalfa)nynorsk.no).
Du kan sjølv velja om du vil spara opp vervingane dine for å ta ut ein stor premie, eller om du vil ha premie med ein gong.
Dei nyverva medlemene må vera under 26 år og busette i Noreg.
Nyverva medlemer kan ikkje ha vore med i Norsk Målungdom dei siste to åra.
Du får ikkje vervepremie for nyverva medlemer som ikkje betaler medlemspengar.
Siste frist for å ta ut vervepremiar er 1. september 2010. Krav om vervepremiar som kjem oss i hende etter dette blir ikkje tatt til følgje.
Du kan senda inn vervingane dine ved hjelp av verveskjemaet på vervekampanje.no, eller du kan stifta igjen verveblokka og senda henne i posten. Porto er betalt av NMU.
Det kostar 50 kroner å vera medlem ut 2010. Pengane set du eller den du vervar inn på konto 3450.65.48618, eller den du vervar kan betala på giro som kjem i posten.
Hugs at du må verva i samsvar med desse reglane for å få vervepremiane som høyrer til kampanjen. Dersom nokre av reglane er uklare, ta kontakt med skrivarstova (23 00 29 40 / skriv(krøllalfa)nynorsk.no).