Frå du byrjar på ungdomsskulen står du fritt til å velja kva hovudmål du vil ha. Du har skular der fleirtalet skriv nynorsk og du har skular der fleirtalet skriv bokmål, men kvar elev står sjølvsagt fritt til å velja kva språk han vil.
Bytet til nynorsk som hovudmål på skulen er i grunnen veldig enkelt. Gløym alt om søknad til rektor på skulen om løyve der du grunngjev kvifor du vil skriva nynorsk. Alt du treng å gjera er å seia i frå til norsklæraren din om at du frå no av har nynorsk som hovudmål. Verre er det ikkje! Frå då av leverer du nynorskstil samstundes som dei i klassen din som har bokmål til hovudmål leverer bokmålstil. Du har krav på å få velja skriftspråk sjølv. Om du får problem med skulen din kan du syna til rundskriv nr. 65/80 frå Rådet for vidaregåande opplæring (RVO): "Når det gjeld val av målform, er dette eleven sitt val.". Du kan byta når som helst, det er aldri for seint. Om du vil byta ei veke før eksamen i tredje klassen, er det i orden. Du bør helst passa på å byta før eksamen i norsk, for du må ha ein eksamen i kvart skriftmål for å få gyldig artium.
Er du ein strebar? Er du flinkare å skriva bokmål enn nynorsk, og sånn sett redd for hovudmålskarakteren din om du byter? Tenk på sidemålskarakteren din. Karakteren din i sidemål tel like mykje på vitnemålet som karakteren i hovudmål.
Tips for å gjera bytet enklare
Etter å ha skrive bokmål store delar av livet sitt, kan bytet til nynorsk vera litt vanskeleg. Den fyrste tida kan det vera vanskeleg å hugsa at ein skal skriva nynorsk. Det er ein vanleg nybyrjarfeil å skriva eit par setningar på bokmål før ein kjem på at ein skal skriva nynorsk. Du er van med å tenkja bokmål når du høyrer læraren pratar og skal notera frå undervisninga. Når du skriv nynorsk utan å gå vegen innom å skriva dei to fyrste setningane på bokmål, er du komen langt på veg i ditt nye tilvære som nynorskbrukar.
I bytet frå bokmål til nynorsk vil du kanskje den fyrste tida leita etter orda i dei ulike faga. Du skriv greitt dei elementære orda; eg, ikkje og kjærleik, men å skildra dei norske naturfenomena i geografitimane er verre. Kjøper du nynorske lærebøker vil du finna dei ulike nynorske omgrepa du treng i skulefaga. Om du slit den fyrste tida, ikkje gje opp! Rettslæretimane kan til dømes vera ei utfordring, men det er god trening. Ikkje leit etter like tunge byråkratiske ord på nynorsk, skriv heller om. Ein del bokmålselevar som har vanskeleg for å skjøna faget, gjev opp og skriv av læreboka og lovsamlinga når dei svarer på oppgåvene. Då har du som er "byting" den fordelen at du må skriva om formuleringane. "Bytingen" vert nøydd til å skjøna stoffet før han skriv om, og lærer slik stoffet på ein annan måte.
Om ein går med planar om å byta hovudmål kan det vera lurt å byrja å øva seg på å skriva nynorsk i nokre av skuletimane. Religionslæraren din har ikkje lov til å setja deg ned i karakter på grunn av skrivefeil.
· Kjøp deg ei god ordbok. Du vil fort oppdaga at det er ein del bokmålsord og bokmålsvendingar som har grodd seg fast i skriftspråket ditt. Då kan det vera litt vanskeleg å skriva om. Heldigvis finst ordbøker der du kan finna nynorske avløysarar for typiske bokmålsord. Den største og mest omfattande er skriven av Magne Rommetveit og heiter Med andre ord. Vil du ha ei litt lettare bok i ranselen kan du nytta ei bok frå Norsk Måldyrkingslag som dei har kalla Skriv norsk. Det kan vera lurt å ha båe bøkene, ei heime som du slår opp i når du kjem heim og ei i ranselen til naudbruk på skulen.
· Hugs; du lærer å skriva ved å skriva. Skriv i veg. Di meir du skriv, di flinkare vert du i nynorsk. Ikkje ver redd for å dumma deg ut. Ikkje ver redd for å syna at sjølv om du har bytt til nynorsk, er du ikkje verdsmeister i nynorsk. Du vil fort merka at skrivefeila minkar!
· Skriv brev til andre som skriv nynorsk, eller som held på å byta. Slik får du skrivetrening og de kan utveksla røynsler.
· Reis på norskkurs. Norsk Målungdom arrangerer frå tid til anna norskkurs for ungdomar som nett har bytt til nynorsk, eller som berre treng litt trening. Om du er so heldig å bu i nærleiken av eit studentmållag kan du vera med på eit av norskkursa deira. Studentmållaga finst i universitetsbyane. I tillegg finst det vevkurs i nynorsk, til dømes på vevsida til Språkrådet.
· Politisk skulering. Om du ikkje har noka meining om kvifor du vil skriva nynorsk, kan du lett verta motlaus om du møter motgang. Argument for nynorsk gjev deg kveik og pågangsmot!
· Kjøp nynorske aviser og tidsskrifter. Les du nynorsk vert du sjølvsagt flinkare i nynorsk. Vil du utvida det nynorske ordtilfanget ditt kan det vera lurt å lesa noko meir enn romanar og skulebøker. Les nynorskavisa Dag og Tid og tidsskrifta Mål og Makt og Syn og Segn. Slik får du inn nynorskomgrepa du treng for samfunnsdebatten.
· Dag og Tid har gjeve ut eit hefte som heiter Nynorsk språkbruk og stilskriving. Her vil du finna nyttige råd, både når det gjeld å skriva nynorsk og meir generelle råd om stilskriving i skulen.
· Nynorsknøkkelen. Dag og Tid har gjeve ut ein nøkkel til nynorsk, lik dei som alt finst på mellom anna tysk og fransk. Nynorsknøkkelen inneheld eit oversyn over nynorskgrammatikken, og er kjekk å ha med seg.
· Lær deg grammatikk. Det er ikkje einskildorda som avgjer kor god nynorsk du skriv. Hovudmønsteret for bøying av verb kan og må lærast.
Teksten er laga med utgangspunkt i Målbyteheftet til Norsk Målungdom, og er skriven av Ingvild Aursøy Måseide.
Meir hjelp til å læra nynorsk finn du her.
Eit oversyn over kva rettar du har som nynorskbrukar finn du her.