Nynorsk og bokmål har vore jamstelte sidan 1885. Av di bokmålet har hatt hegemoni i Noreg har det vore naudsynt å få lovfesta ein del rettar for nynorskbrukarar slik at desse skriftmåla skal vera jamstelte i røynda òg. Les meir om NMU og kampen for språklege rettar.

Studentrettar
Universitet og høgskular skal fylgja mållova, og pliktar gje deg skjema og liknande på nynorsk. Dei skal òg nytta minst 25% nynorsk i skriftleg tilfang. I "Forskrifter om målform i eksamensoppgåver" står det i §2 tydeleg at eksamensoppgåver skal liggja føre på båe målformer, og at eksamenskandidatane etter eige ynske kan få oppgåvene anten på bokmål eller på nynorsk.

Elevrettar
Som nynorskelev har du ein del rettar:

· Du har rett til å få læremiddel og dataprogram på nynorsk
Nynorskelevane har hatt krav på skulebøker og andre læremiddel på eige mål sidan 1974. Denne retten vart truga i framlegget til ny opplæringslov i 1997, men etter me vann er denne retten lovfesta på ny! «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.» - Opplæringslova, §9-4
Frå og med 2004 har du òg rett på å få sokalla administrativ programvare (skriveprogram, rekneark og liknande) på nynorsk.
· Du har rett til å få eksamen på nynorsk
· Du har rett til å møta nynorsk som undervisningsspråk
Du har rett til å få ein rimeleg del av prøvene og undervisninga på ditt eige språk, jamvel om du er einaste nynorskeleven i klassen. Sjå Rundskriv RVO - 65/80
· Du har rett til å velja hovudmål
Du slepp å søkja skulen for å byta hovudmål til nynorsk. At bokmål og nynorsk er likeverdige skriftmål vil seia at elevar har rett til å velja nett det skriftmålet dei vil.
· Du har rett til å klaga
Om du ikkje er nøgd med måten læraren din eller skulen held seg til regelverket på, so har du rett til å klaga. Nyttar ikkje det, kan du kontakta Elevorganisasjonen eller Norsk Målungdom.

Her kan du lasta ned ein plakat med elevrettane. Skriv han ut og heng han på skulen din.