Det kostar berre 30,- fyrste året for å melda seg inn (50,- for medlemer i Oslo). På hausten kan ein velja om ein vil betala 30,- (ut året) eller 60,- (ut neste år).

Set inn pengane for dei du vervar på kontonummer 3450 65 48618 saman med namna, fødeåra og adressene (og gjerne e-postadressene og telefonnummeret) til dei du vervar.

Last ned verveblokka her!

Kvifor skal DU verva?
Det finnast utruleg mange gode grunnar til å verva. Den som vert verva får sjansen til å kjempa vidare for målsaka, vera med på tilskipingar og møta alle dei trivelege NMU’arane. Fleire medlemer gjev òg fleire kroner inn på lagskontoen til lokallaget ditt, og dessutan er det mykje artigare å vera med i eit lag som struttar av oppslutning og sjølvtillit. For NMU som organisasjon gjev fleire medlemer meir politisk tyngde, og meir pengar frå staten til å driva viktig målarbeid. I tillegg er det bra med nye folk som kan tenkja nye tankar om korleis ein driv best mogleg arbeid for målsaka. I ei tid med mange trugsmål mot nynorsken er det viktigare enn nokon gong å jobba for at organisasjonen vår står sterkt!

Dette får dei som medlem i NMU:

Vervetips!

Treng du verveblokker? Kontakt skrivarstova på skrivarstova@nynorsk.no eller på telefon 2300 2940.